DIVERSE  FOTO  OG  ANNA  

Her vil eg etterkvart legge inn aktuelle bilete. Det kan vere lokal-/kulturhistorie
og elles bilete frå geografi og natur.  

 Dyrdalsfossen  |  Skigutar  |  Diverse   |  Gamle foto  |   Jonsokbrudlaup  
 Fottur i 1943 
Noen 10-år siden  |   Matslalåm  |   Reitslått



Dyrdalsfossen i Norddal er ein flott foss som renn ope og fritt heile året.  Fossen er å sjå om lag  2,5 km frå fjorden. Han har jamn vassføring då han har sitt utspring frå isbreane i Dyrdalsfjella. I vårløysinga og i kraftig regnver kan fossen vere dramatisk st
or og vill                                                                                        Foto:  Arne Nydal                            































 

 

Skigutar

skigutar
Klubbrenn i Norddal idr.l. på  Lilleås ca. 1934
Frå venstre:  Ukjent, Emil Grønningsæter, Knut Dalhus, Nils J. Grønningsæter ?, Paul Relling, Arne Storås, Helge Relling, Inge Relling?,  Birger Grønningsæter, Reidar Grønningsæter, Oddmund Yttredal, Egil Relling, Steinar Dale, Ivar Dale?, Bjarne Relling, Georg Lilleås ?

GAMLE FOTO
Det har stor verdi å ta vare på gamle foto. Bileta fortel oss historie, kanskje meir enn med ord.  Det er fåre for at vi i  dagens flimmersamfunn kan bli litt historielause, og det er ein dårleg tanke. Vi treng røter, og med dagens livsstil har vi godt av opplysningar og lærdom om dei som var her før oss. Livet "før i tida"  var ikkje alltid enkelt, det var oftast eit slitsamt liv der økonomien sette grenser for det daglege tilværet. Men det var likevel mykje moro, og folk hadde tid til eit sosialt liv. Dugnadstiltak  og hjelpsemd  var gode verdiar, og folk måtte lære seg til å klare seg best ein kunne med dei hjelpemiddel ein hadde. Fotoa kan vere eit viktig bidrag til å ta vare på historia.
         Gamle foto har ein tendens til å kome bort, i skuffer og i pappøskjer, og det verste: Kome bort for alltid. Difor bør vi ta eit tak med å ta fram bileta, helst få dei digitaliserte og kopierte slik at dei kan kome slekt og etterkomarar til gode. Det er svært viktig å få vite noko om bileta, få namn og tid nedskrive, og andre gode opplysningar om kvart foto. Dette arbeidet blir ofte for seint då informantane blir eldre og kjem bort etterkvart . Men om det virkar for seint, kan vi likevel heile tida redde bilete og opplysningar. Om bileta er små og av ringe kvalitet, så kan mykje i dag rettast opp med moderne hjelpemiddel.
         Ikkje berre familien vil ha interesse av gamle bilete. Kvart lokalsamfunn, og også storsamfunnet, vil ha nytte av dei. Difor burde flest mogleg gamle foto "publiserast"  i hefte eller bok,  eller kopierast til lokalbiblioteket eller på andre måtar gjerast tilgjengelege for folket. Mange er i gang med det, i bøker og i kommunale og fylkeskommunale arkiv m.m. Men meir burde vore gjort på lokalplanet.
         Under ser vi eksempel på bilde av verdi. Det fyrste fortel om folk i arbeid, det andre om geografi og busetnad før

Storvatnet

På saueleiting ca. 10. oktober 1936, 1000 moh. ved Storvatnet i Dyrdalen i Norddal. Læraren, Oskar Storheim,  sakna 6 sauer, og sjøl etter fleire turar høgt til fjells, ved hjelp av desse naboane, og andre helgar av andre leitegrupper fann dei ikkje sauene. Til og med over i Geirangerfjella via Litleøvstdalsskaret vart det leita utan resultat. Frå v. sit Ludvik Nydal, Gregorius Relling, Oskar Storheim. Fotografert truleg av Ludvik Krohn Fagervoll. 20. okt. hadde leitemannskap 1/2 m snø, 30.okt. var det mildt og fint. Leitegruppene overnatta i Storvasshytta. Sauene vart funne att som kadaver neste år

Kaiområdet Norddal 

Slik såg kaiområdet i Norddal ut i 1920/30-åra. På det litt uskarpe bildet ser vi dei to budene i bygda, Jakopbuda til venstre og Olebuda til høgre (bud er ass. landhandel). Bygninga ved sida av Olebuda er Kommunehuset. Dette er Sunnmøres fyrste fastskulebygg, reist i 1844, som er utbetra og oppgradert. Dampskipskaia frå 1902 var mykje brukt og sjølve livsnerven i bygda før veien til Eidsdal kom i 1960. På marka bak nausttaka var det dei 15 gamle haugane låg. M.a. Torshaugen og Tinghaugen 

    

Diverse frå natur og miljø (klikk for større bilete):

Naustrekke  Smaahus  Blaaber Storvatn  Dugnad  
Naustrekke og  midtsommardagar  i Norddal. Gamle naust er gammal kultur Lite fint gardshus på Vågåkanten Hausten er
blåbærtid
Lita hytte i mektig landskap. I Dyr-dalen, Norddal,  med Torvløysa på 1851 moh. bak Dugnadsånda har frå  
 gammalt vore svært       god i  bygda. Her byg-  ging av  skihytta på  Rellingssætra

Herberge Baat 
Muring og tetting av ein overnat-tingsplass under ein stein. Dette er eit herberge ved Storvatnet  Under bygging av 
 veg langs Her-  dalsvatnet måtte ein bruke mange
 metodar - og bruke fantasien. Olav og Per M.

JONSOKBRUDLAUP

Tre jenter feirar flott jonsokbrudlaup i Nordfjord  !! (ca. 1976-77) . Ein gammal tradisjon mange stader

 

Fottur

Retting:                                                                                                                                                                                                                            

Matslalåm