Om Rosendal

Rosendal ligg vakkert til, omkransa av mektige fjell og ein flott natur. Rosendal ligg i Kvinnherad kommune ved ytre delen av Hardangerfjorden.

Rosendal

Bygda er omgitt av høge fjell, der Melderskin med sine 1 426 meter er eit naturleg midtpunkt. Rosendal er eit populært turistmål. Og dersom du ønskjer å ta turen hit, er her severdighetar, aktivitetrar og tilbod for dei fleste. Rosendal er eit flott utgongpunkt for naturopplevingar året gjennom. Du kan for eksempel ta ein tur på Folgefonna.

Du har kanskje høyrt om Baroniet, kommunens største turistattraksjon. Baroniet Rosendal er faktisk det einaste baroniet i heile landet. Slottet blei bygd i 1665 av Ludvig Rosenkrantz og heile eigedomen er inspirert av Versailles slottet i Frankrike. Den adelege Rosenkrantz familien regjerte over svært mange store og små gardsbruk i distriktet. Hovedbygningen er omgitt av ein nydeleg rosehage.

I Rosendal ligg ei av landets eldste kyrkjer; Kvinnherad kyrkje. Den blei bygd rundt år 1250. I eit eige gravkapell kviler "herregardsfolket" frå Baroniet.

Her er meir informasjon om Rosendal, Kvinnherad kommune og distriktet:

Baroniet Rosendal
Folgefonn Sommar Skisenter
Kvinnheradguiden
Rosendal turistservice
Fjellhaugen skisenter
Kvinnherad kommune