Verkstaden - Treslag

Smia ved Baroniet

Her finn du litt informasjon om dei treslaga som blir nytta og kva eigenskapar dei har.

Alm (Ulmus glabra)
Dette er eit parktre, ofte brukt i alléar. Alm kan bli utsett for billeangrep som fører til almesjuka. For å bekjempe sjukdomen må treet hoggast og brennast. Sluser i kanalane er ofte laga av alm. Almeveden er hard, men god å dreie. Den sprekk lite og er grei å ha med å gjere. Veden har ein svært fin struktur, med mørk kjerneved og lys ytterved. Den har ofte dekorative grønaktige innslag i veden.

Ask
Ask er eit varmekjært treslag som får best vekst på djup, kalkholdig og moldrik jord med frisk fuktighet. Veden er lett å arbeide med, både for hånd og maskinelt. Høvling og pussing gjer ei hard og slitesterk overflate som lett lar seg behandla med maling, olje, lut og lakk, men den eignar seg ikkje så godt til beising. Ved for hurtig tørking oppstår lett sprekker. Virket er svært seigt, elastisk og slitesterkt. Askevirket har lys gulaktig ytterved og brunaktig kjerneved, som særleg kjem fram med alderen Veden er middels tung, hard og grovstrukturert med tydelege årringar.

Barlind
(Taxus baccata)
I Norge finn ein barlind vesentleg på Sør- og Vestlandet. I visse områder i Hardanger, på Varaldsøy og ved Ålvik, finn ein nokre av dei største og antakeleg eldste barlinder i Europa. Der var det tidlegare barlindtrær med mektige, udelte stammer, som i brysthøgde målte heile 5 m i omfang. Barlind er stort sett freda over heile landet.

Yterveden er veldig smal og lys hvit eller gulhvit. Kjerneveden varierer i farge frå oransjebrun til mørk rødbrun. Årringgrensa er tydeleg markert av en smal sone av tett sommarved, og har ofte eit uregelmessig bølga forløp. Veden er utan lukt. Hos barlind veks ofte fleire stammer saman, og stammetverrsnittet sterkt uregelmessig. Veden får fin glans ved polering. Barlind har mørkegrøne, mjuke, flate nåler. Barken er seig og oppflisa ytst. Treet blomstrar i april-mai.

Barlind er sannsynligvis det europeiske treslaget som når høgast alder. På dei britiske øyar skal det finnast barlindtrær som er minst 2000 år gamle. No til dags blir barlind brukt til golfkøller, buer, finere snekkar-, dreie- og billedskjærararbeid.

Bjørk
Vi har tre slag bjørk: dunbjørk, hengebjørk og dvergbjørk. Bjørka er hardfør og trives i all slags jord, ei stor bjørk kan drikke opp til 600 liter om dagen. Mange kunstnarar vert inspirerte av bjørka. Barken vert nytta til torvtak og tømmeret til møblar. Bjørk er det vanlegaste treslaget vårt her i Noreg. Vanleg bjørk er ikkje av dei mest spennande treslaga å arbeide med, men er veldig god å dreie. Den har lite struktur, men når ein får tak i surna og halvroten ved, er det ikkje mange som kan få så fine mønster og fargar som bjørka. Det same gjeld dersom du får tak i ein bjørkeknute.

Eik ( Quercus)
Kongen blant trea veks på heile austlandet og langs kysten nordover til Nordmøre. Garvesyra i tømmeret gjer at eika ikkje rotnar, og vikingane brukte eik i skipa sine. No vert eika ofte brukt til golv og kjøkken. Den norske eika har stor variasjon i tettleik og farge, alt etter kvar den har vakse. Eika kan vere hard å dreie, men det går fint så lenge ein har skarpe reiskap. Ein bør merka seg at på grunn av det store garvesyreinnhaldet vil dreiestålet lett farge veden ved rådreiing. Dette kan ein unngå ved å dreie med god frivinkel. Husk at eik også treng langsom tørking for å unngå å sprekke.

Einer (Juniperus communis)
Har vore i Norge i 10 000 år, enkelte eksemplar kan bli opp til 2000 år. Eineren veks over heile landet og trives i all slags jord. Treet har vore brukt til svært ulike ting, mellom anna i matlaging og røyking av fisk. Einer gjev frå seg ein herleg frisk lukt. Kjerneveden er god å dreie. Det kan førekome mykje kvist, men det skaper sjeldan problem. Einer er fin å lime saman til større emne før dreiing. Det ein bør passe på med emne av einer er striper med død ved som er porøse og vanskeleg å få rette. Dei fleste vel å la einerprodukt vere ubehandla. Dersom ein ønskjer å overflatebehandle , vil ei lett olje utan lukt vere bra.

Epletre
Epletreet er eit middelstort tre med grove utbreidde greiner og grove kvistar. Barken er gråbrun og flusar ofte. Treet blomstrar i mai-juni med store kvite eller rødspetta blomar. Materialet er godt å dreie, men har stor formendring under tørkeprosessen. Veden har lett for å sprekka og den vrir seg lett. Treet er etter kvart ikkje så lett å få tak i, sidan ein idag for det meste kun nyttar små og låge tre i fruktproduksjonen.

Gullregn
Er planteslekt av erteblomstfamilien med busker eller små trær. Den har hengende greiner og karakteristiske gule blomar i lange, hengende klasar. Gullregn er god å dreia og med eit skjeldan fint mønster i veden. Den har mørk flammete kjerneved og noko lysare ved i overflata. Den kan pussast til ei fin og slett overflate. Gullregn finnest som prydbusk rundt i mange hagar og kan bli fleire meter høg. Eg har ved eit høve kome over gullregn med stamme opptil 30 cm i diameter.Ved slike dimensjoner kan ein laga ymse og svært så vakre gjenstandar. Støvmaske er nødvendig ved pussing.

Hegg (Prunus padus)
Hegg veks over heile landet og er derfor lett å finne. Hegg kjenner ein lett på den mørke borken, ein nydeleg blomsterduft om våren og dei svarte bæra om sommaren og hausten. Kjerneveden er brun og ytterveden lys gul. Alt på treet er giftig bortsett frå fruktkjøtet til bæra, så ein bør bruka maske med filter både ved dreiing og særleg ved pussing.Veden er god å dreie og gjev ein særs fin struktur i ferdig produkt.

Lerk
Lerk er eit stort hurtigveksande bartre, som kan bli opp til 30 m høgt. Til forskjell frå andre bartre, fell treet nålene om hausten. Treet har utståande eller hengjande greiner. Europeisk lerk, som i Alpene går opp til 2500 m, blir ofte planta i Norge. Veden har stort harpiksinnhald og er motstandsdyktig mot råte.

Lønn
Lønn er eit ganske stort tre med rund og tett krone. Treet har svært vakre haustfargar. Lønn veks på Austlandet opp til 300 moh., den nordligste naturlige forekomsten i Norge er i Alvdal i Hedmark. På Vestlandet førekjem den spredt. Lønnetreet er varmekjært, kan bli 25 m høgt, men blir sjeldan meir enn 150 år. Trevirke er lett å arbeide med. Ein unngår at veden vrir seg ved å tørke den under belastning. Veden er gulkvit til kvit i fargen. Den har ein fin tekstur og glans og er svært slitesterk. Dette gjer det svært dekorativt til utsmykking.

Molleretre
Eit frukttre det finns mykje av på Vestlandet. Kjerneveden er brunraud med fint fargespekter. Ytterveden er lys. Ved tørking forandrar ytterveden seg ein god del meir enn kjerneveden. Det er derfor stor fare for at ytterveden sprekk. Veden er god å dreie, ein får ei glatt og fin overflate. Den egnar seg godt til å dreie mindre og tynne gjenstandar. Treet gjev flotte ferdige treprodukt med eit fint mønster.

Plommetre
Plommetre er å finna stort sett over heile landet.Veden har ein særs fin struktur med raudleg til raudbrun farge. Ytter veden er lys gul og årringane viser godt. Det førekjem også av og til innslag av grønaktige striper. Store tre er etter kvart blitt vanskeleg å få tak i, mens mindre tre førekjem langt oftare. Plommetre er stort sett tungt å dreie, men egnar seg godt til mindre gjenstandar. Overflata blir glatt og fin ved pussing og polering.

Pæretre
Gamele pæretre er ofte storvokste. Men dei nyare trea er i mange høve heller små. Pæretreet blomstrar i mai med store blomar som set i klasar. Blomane har kvite kronblad, raude eller raufiolette knoppar. Veden i treet er lyst, men dersom den får surna gjev dette eit fint raudbrunt fargespel og lyse spetter i det ferdige treproduktet. Ved dreiing kan ein dessverre ofte treffa på små sprekker inne i veden.

Rogn
Rogna veks over heile landet. Den fins heilt nord til Finmark og er eit av dei mest hardføre treslaga vi har. Den er frostherdig og nøysom. Til vanleg blir rogna sjeldan meir enn 12-15 m høg. Det er lett å bearbeide trevirke. Rogn har mange felles eigenskapar med bjørka. Det er markert forskjell på veden i rognetreet. Kjerneveden er lys- til gulbrun, mens ytterveden er svakt rosafarga og har svak glans. Ved møysommeleg arbeide kan virke få ei svært glatt overflate.

Selje
Gåsungane på selja er eit tidleg vårteikn, ho veks over alt i landet. Og seljeluren er nok velkjend for dei fleste. Treet vert sjeldan eldre enn 50 år. Selje har ein gyllen fin farge. Årringane kan ha ei bølgjete form, og dette gjer at det vert eit heilt spesielt mønster. Veden er god å dreie, og verktøyet skjer lett og fint i treet.

Svartor (Alnus glutinosa)
Or fell grøne lauv om hausten og er det einaste lauvtreet med konglar. Svartor og gråor har stor tilpassingsevne, og trives opp til 1200 m, helst nær vatn. Veden har ein vakker gyllenbrun farge som passar til kjøkkeninnreiing og møblar.Vi har to slag or, svartor og gråor. Dei ytre kjenneteikna ligg i namnet, gråor har grågrøn bark, og svartor har mørk og ofte oppsprukken bark og mørkare fargetone på blada. Veden er nokså lik, men svartor er hardare, og vert rekna som litt edlare. Gråor er også verdt å prøve seg på, og er eit treslag det ofte er lett å få tak i. Som plank er or fin til å lime saman til større emne. Veden i or er passe fast og jamn, og godt egna for nybyrjarar. Som dreiemateriale er svartor ein av dei særs gode materiala å arbeida med. Knutar i svartor gjev ein særs fin struktur.