Mathilde og Kine sto i helga for ein av dei beste prestasjonane i laget si historie då dei med solid margin vann klassen Gruppespel junior på Landskappleiken i Seljord! I tillegg kom dei på sterke 8. og 9. plass i klassen Hardingfele C. Ein sterk prestasjon i ein klasse med 25 deltakarar!
I klassen Dans Hardingfele B slo Oddbjørg og Johannes til med ein sterk tredjeplass og førstepremiegrad!
I klassen Durspel junior vart Norill Therese nr 2 og i Vokal A vart Kari Malmanger nr 4!
Alt i alt svært sterke prestasjonar av lagsmedlemene! Breidden er stor og laget vert lagt merke til i folkemusikk-Noreg!