Nytt:

Nettsida er sist oppdatert
20. juni-23,
kl 08:13


Vekas vers:
"Vær glade i håpet, tålmodige i trengselen, vedholdende i bønnen! "
Rom. 12.12
























        Framside            Om Oss             Me trur            Me støtter        Kontakt oss
        Program           Taler             Song og anna kunst       Kvinnegruppe          Ungdomsgruppe             
Om Oss
Me ser det som ein styrke for dei truande å vera saman regelmessig for å:
"..ha omtanke for kvarandre, så vi oppgløder kvarandre til kjærleik og gode gjerningar." (Hebr. 10:24),  ”.....setja mot i kvarandre, og det så mykje meir som de ser at dagen nærmar seg...” (Hebr. 10,25 og 1. Tess. 5,11).   ” ....byggja dykk sjølve opp ved dykkar høge og heilage tru ...” (Jud 20).

Gjennom eit slikt arbeid ønskjer me å oppmuntra kvarandre i trua på Jesus og den tenesta me har som Hans hender og føter, og på denne måten også få vera ein kanal som Gud kan bruka i vårt nærmiljø!


Kort historikk:

Møta er ei vidareføring av kristent arbeid som har vore gjort i mange år her på Holdhus, der fleire personar har vore med og "drege lasset".

  • I 1930-åra var det nokre kvinner i Hålandsdalen som jamnleg møttest for å spela og syngja i lag om Jesus. Dette var opptakten til at eit ungdomslag vart skipa 11. desember 1938, og fekk då namnet "Holdhus Kristelege Ungdomslag".
  • På byrjinga av 1940-talet var det vekking i Holdhus-bygda, og dette førte til mange nye medlemmar i laget.
  • 50-talet var det igjen tid med vekking, der forkynninga talte sterkt til ungdommane og dei vart tende for Jesus og ville gjerne samlast om Guds ord.
  • I ein periode frå 1970- til utpå 1990-talet var det færre ungdommar å sjå på samlingane, noko som naturleg førte til ei endring av namnet til "Holdhus Kristelege Forsamling" (på årsmøte 2007 vart det endra til det namnet det har idag, "Holdhus Kristne Forsamling"). I denne perioden var det påskemøta som var hovudsamlinga, med møter frå onsdag før skjærtorsdag, fram til 1. påskedag (dette er ein tradisjon me framleis held på, til stor glede og oppmuntrung for mange!). I tillegg til dette arrangerte forsamlinga teltmøteaksjon sommaren 1996, på skuleplassen på Holdhus. Denne aksjonen var til styrke både andeleg og sosialt, med godt oppmøte.
  • Frå slutten av 1990-talet og dei siste åra har det mellom anna kome fleire unge familiar til forsamlinga. Saman med dei som trufast har kome saman til møte i mange år, har det no blitt til at me samlast annakvar søndag (som regel partalsveker), som oftast kl. 11.00 (sjå Program). Under talen har me eige opplegg for borna (sjå Søndagsskule). Til vanleg er me rundt 40 personar på møta. Ved spesielle anledningar som julefest og påskemøter, samlar me 70 - 90 personar.


Sidan 1945 har forsamlinga hatt sine eigne lover om teologisk ståstad, med siste reviderte utgåve frå årsmøtet 2008.
Under sida, Me trur , finn ein kva forsamlinga står for.

Me ønskjer, som nemnd i byrjinga her, at denne forsamlinga skal vera til styrke og oppmuntring for dei som allereie har valgt å følgja Jesus og Guds Ord. Og; Ikkje minst ønskjer me at mange fleire kan få oppleva at dette er ein stad dei kan koma for å møta Jesus og bli kjend med Han.

- "Smak og sjå at Herren er god! ..." (Salme 34:9). -


Me samalst annakvar søndag til møte, og er til vanleg rundt