fredag 31. oktober 2008

Ulykker, fiber, blogg og elgjakt

Omtrent som eit knips med fingeren - så fort skjer det når ulykka er ute. Forrige dagen skjedde det med meg, det som ikkje skal skje. I landets farlegaste yrke, landbruket, er fallulykker av dei hyppigaste, ofte frå siloar. Og no var det min tur! Eg hadde kjørt rundballar til kyrne ute. Det var kaldt så eg hadde polstra hansker på, kanskje var dei glatte? Eg klatra opp utvendig på siloen, som så mange gongar før, for å tappa av pressvatnet før vinteren. Eit "par-tre" meter oppe glapp plutseleg taket, og eg baklengs ut i lause lufta. Når eg landa pladask på ryggen rett ned på tregolvet i lyu, trefte eg kanten av forbrettet rett under høgre skulderbladet. Det gjorde jæ.... vondt, og all lufta blei slått ut av brystet. Etter noko eg syntes var forferdeleg lang tid fekk eg pusten att, fekk kreka meg inn på kjøkkenet og fekk tak i Mona i telefonen. Kort fortalt enda det med ambulanse, røntgen og ei natt på sjukehuset på Kongsberg, så no lever eg på 3 ulike smertestillande og inflammasjonsdempande piller, og må ta det heilt med ro. Eg har hatt flaks, som ikkje fekk smellen i hugu eller fekk skadd indre organ! Eg er truleg litt for uvøren, for dette er ikkje fyste gongen eg skadar meg :-(

Me hadde eit viktig styremøte i Rollag e-verk i formiddag, og eg stilte som neddopa (og utilregneleg?) styreleder.
Numedal Fiber (NuFi), som me 4 e-verka i dalen eig saman, har blitt eit pengesluk for oss. Etter fyrst å ha sagt nei til å gje/låne bort nye millioner, ga me idag eit lån på 2 mill.- på visse vilkår. No er det opp til styre og leiing i NuFi å setta "tæring etter næring", og sørga for at dei kan tena pengar og finansiera framtidige lån utanfrå. BLINK2-prosjektet, som skulle skaffe breiband til "alle" (utan ADSL-dekning) i Numedal, har blitt ein større økonomisk belastning enn planlagt. Det viser nok ein gong at "butikk og politikk" ikkje gjeng saman, som ein av styremedlemene våre sa det! Dette er ei viktig samfunnsoppgave, som i hovudsak burde kostas av lokale eller sentrale myndighetar.

Det dukkar stadig opp sambygdingar med eiga side på internett, som heimeside eller blogg. Til det siste innlegget mitt, fekk eg kommentar frå Stormel (Anne Guri Storemoen) med bloggsida http://stormel.blogspot.com/ Her finns det masse flotte bilder!
Og den 13.oktober fekk eg denne e-posten frå Randi Voldbakken:
Jeg har allerede oppdaget den fine bloggen din (så den på Juvligrenda.net) Har lyst til å lage noe sånt jeg også !!!
Og Randi handlar: 2 dagar etter er bloggen i gang :o) Sjå http://mormor-tanker.blogspot.com/
Og for ein flott blogg! Med mange innlegg dagleg. Fine bilder og gode tekstar!
Om Fotogruppa i historielaget der eg er med: http://mormor-tanker.blogspot.com/2008/10/kaffekoking-ved-gule-blomman.html
Og om Marit sin 50-årsdag - på bridgen i Flesberg!

Og i kveld er elgjakta slutt for i år. Eg har ikkje vori med på eit par år, og heller ikkje hørt det endelege resultatet i Teksle jaktlag. Men går ut frå at dei fyllte kvoten på 20 dyr. Det er masse spor etter elg oppå høgda, i verneområdet Rollagsfjell. Og dei mangla berre 2 ungdyr for ei veke sia. Kvifor eg ikkje er med? Kanskje har eg det som jegeren i "Helge Elg", trøtt og utålmodig på post ;-)

No har forresten Helge Elg vorti fast tegneserie i Nationen. Veldig bra!

mandag 27. oktober 2008

Litt av kvart

Det har vori litt "tørke" på bloggen ei tid. Kanskje mest for at det har skjedd og skjer så mykje om dagen, at det lett blir rotete i ein gamal skalle? Akkurat no er det styrelederjobben i Rollag e-verk og engasjementet som eigar i Numedal Fiber som tek mykje tid. Og i morgon skal me ha seminar om den nye samvirkeloven, som gjer at vedtektene til e-verket må gjeras noko med.
I helga hadde me fleire besøk. Frå fredag til laurdag var Tor Olav her. Og alt på torsdagen kom Marte, Gaute og Viil. Viil gjeng no som berre det, og viser tydeleg at det er moro! Men så kjem det nye tenner, og med dei dårleg apetitt og litt feber. Så på laurdagen var ikkje jenta heilt seg sjølv, men det gikk heldigvis over :-)
Me var i bassenget på Idrettsskulen fredag kveld, der alle kosa seg. Her er bilde av ein badande familie frå Oslo, og eit stupefantom frå Flesberg.

Etter snart 8 år som rullestolpasient på Bygdeheimen i Veggli, har mor no vorti skrøplegare. Kreftkulen på kjaken veks, og ho er no mest i senga. Ho har vanskar med å svelja ned maten, så det kan lett bli for lite næring! Ho har støtt vori sterk, og er tapper, men no er det vel uvisst kor lenge ho kan greia seg -?

tirsdag 14. oktober 2008

Ukjende knivar.


På knivutstillinga som Rollag knivlag hadde på bygdetunet forrige året, dukka det opp ein ny knivmodell. Dette er ikkje heilt riktig, for eg har sett ein av knivane før, med ei slir som me har lura på om er den originale til kniven. Me har trudd at kniven er gjort av Steinar Storemoen (1856-1936), på grunn av serrateringsmønsteret på skaftet. Så dukkar det opp 3 til, omtrent like både i størrelse og utforming. Men utan slir. Alle dei 4 knivane finns på gardar her i Rollag, og må vera laga av same knivmakaren. Ettersom me berre kjenner til desse 4 knivane av denne modellen, er dei helst truleg laga her i bygda? Dei er små, på størrelse med ein gutekniv. Dessverre passa eg ikkje på å ta mål av dei på utstillinga. Bildet viser alle "Storemoknivane" me hadde på utstillinga, med dei 4 nede til høgre.


Alle knivane har like blad, som er svært spesielle. Dei ser ut til å vera laminerte, med stål i midten og kopparplater på kvar side! Og utan stempel. Det andre som er spesielt på desse knivane, er holkane på skaftet. Dei er så lange at dei dekker mesteparten av skaftet, ja ofte heile skaftet! Og dei er pynta med graverte ringar med serrateringshjul, slik som Steinar bruka på knivane sine. Så kanskje er det rett når han har fått ”æra” av å vera knivmakaren, utan at me hittil har greidd å dokumentera dette sikkert. Heller ingen av eigarane kan svara på det.


No kan me laga teoriar om andre moglege opphavsmenn. Rundt 1900 budde kunstmålaren Jacob Gløersen (1852-1912) her i bygda. Fyrst var han i Fjøslien, og seinare på Ulvik og i Bjørndalen. På alle desse gardane var det aktive kniv-/ljåsmedar på denne tida. Frå Ulvik sender han brev til kunstnarvenen Gerhard Munthe: ”Ulviken smier Kniver. Med meget kunstige Blade tildels, om ikke nettopp kunsteriske ... Til tidsfordriv kommer jeg vist til at bli Knivmaker ivinter”. Ulviken kan vera Nils, som da var ein eldre mann, og stempla blada sine N ULVIG. Eller det kan vera sonen Ola, som stempla OU.

Og i eit seinare brev til Gerhard og Sigrun Munthe, skriv Gløersen: «Vil Dere kjæbe Bjørneskind? Jeg har arbeidet en svær Kniv, som passer udmerket til at flaa Bjørner med nemlig. Og saa tænker jeg paa at udvikle Knivindustrien ved Hjælp af forskjelligfarvede Metaller paa Beslagene. Blir ikke det storartet? Jeg har ikke de nødvendige Instrumenter enda.»


Sjølv om ”våre” knivar neppe er egna til bjørneflåing, og dei absolutt ikkje er svære, er dei laga med ”forskjelligfarvede metaller”. Men ikkje på beslaget, men bladet. Er det mogleg at Gløersen her har realisert planene sine om å bli knivmaker? Serrateringsmønsteret kunne han reist nord til grannegarden Storemoen for å få gravert på. Uansett, dette blir berre spekulasjonar – som det så ofte er når det gjeld gamle knivar. Og sikkert svar får me vel aldri? Så me endar vel opp med at Steinar sjølv er knivmakaren -?

fredag 10. oktober 2008

Steinar Storemoen (1854-1934)

Steinar Storemoen er den mest kjende knivmakaren i Rollag rundt 1900. Det finns eindel knivar etter han rundt omkring i bygda og blant knivsamlarar. Han bruka ingen "standardstørrelse". Dei fleste knivstella etter han er store til bunadkniv å vera. Dei er nokså karakteristiske og lette å kjenna att, og me kan vel si at Steinar skapte ein eigen Numedals- eller Rollagsmodell.

Steinar laga mange stasknivar, hovedsakelig med lærslir med typiske ”stripla” halvmåneforma trykkmønster i. Slira sydde han med vanlege ”nestesting”, og saumen er som regel plassert bortgøymt under eine sideskinna, ofte mot ryggen av knivbladet. Han har og laga nokre få knivar med treslir. Nysølvarbeidet på slira er som vanleg i Numedal med toppring, magebelte, doppsko og sideskinner. Spesielt for Steinar er at han kan bruke både eitt, to og opptil tre magebelter på slira, iblant med nummer på baksida. Mønster, gravering med hjerter, bokstavar og hol i slireholkane er svært karakteristisk utført, gjerne med ein gravert ring rundt holet og nokre enkle graveringsriss ved sida. Det er ofte ”gravert” flettemønster med serrateringshjul både på slireholkar og knivholkane, noko ein og kan sjå hjå gamle knivmakarar, blant anna frå Trøndelag. På nokre av knivane har Steinar i tillegg kjørt serrateringshjulet både på magebelter og toppring, sjøl om det ofte er trongt med plass!

Litt meir om Steinar og livet hans, blant anna frå Rollag bygdebok, bind IV s.186, av Knut Hoff. Her er og eit godt fotografi av Steinar og 3 av sykena hans i hagan på Storemoen. Dei var i alt 7 sysken. Fyrst 2 jenter, Aasne og Torgun, som vart gifte til Rostad og Håråvenna. Odelsguten Simen døydde av tæring like etter at han hadde overteki garden. Ungkarane Knut og Ola, dei yngre brørne til Steinar, tok seinare over garden saman.

Steinar gifta seg i 1881 med Live Jensdotter frå Søre-Traaen, og dreiv i landhandel her i 80-åra. Jens, far til Live, var ”lesar”, lekpredikant og storspekulant, og ei kort tid ordførar i bygda. Begge barna til han og Sigrid døydde av tæring i 80-åra. Live vart 26 år og kunstmålaren Juul berre 23 år gamal. Da skogkompaniet som Jens var medeigar i gikk dundrande konkurs i 1890, og førte med seg eit økonomisk ras over heile bygda, reiste dei gamle til Amerika og kjøpte farm der. Dei kom seinare heimatt til Norge, og døydde her.


Etter at Live døydde i 1885, flutte Steinar attende til Storemoen og dreiv landhandel der fram til 1890-åra. Dei hadde ei dotter, Jøran, som vart med far sin til Storemoen, og seinare flutte til Øvre Bergseid, der ho døydde ugift 60 år gamal.

Steinar hjalp brørne i gardsarbeidet og dreiv som handverkar? Mest kjent er han som knivmaker, men han må truleg ha slutta med dette før han vart gamal. I alle fall kunne ikkje Thorvald Nerdalen, som kom som unggut til grannegarden Alfstad i 1911, hugsa å ha sett Steinar laga knivar! Steinar levde til 1934, og vart 80 år gamal.

Den største kniven, den til høgre, er opprinneleg ei (40-?) 50-årsgave frå Steinar Storemoen til ven og granne i mange år, Ola Asbjørnrud. Bladet skal vera smidd av svigerfar til Ola, den kjende smeden Nils Skarpmoen, men er ikkje stempla. Nils bruka stempilen NS i stor lykkjeskrift. Kniven er 22 cm lang, og slira 20,5 cm.


Etter at Ola var død, arva svogeren hans og son til smeden, Levor Skarpmoen, kniven. Han bruka kniven berre til fint, bl.a. når han var på Kongsberg-marken.(Opplyst av Ivar Traaen, barnebarnet til Levor Skarpmoen).


Det andre bildet viser Nils Skarpmoen i smia. Bildet er teki av sonen Narve Skarpmoen, som var ein kjend fotograf i Kristiania rundt 1900.

(Har problemer med skrifttyper. Sorry!)



onsdag 8. oktober 2008

Knivkveld og fuglemelding

I kveld starta me opp att med knivkveldar i sløydsalen på Veggli skole. 4 av oss i den faste gjengen møtte. Nokon er nok opptekne med elgjakta enno. Asbjørn hadde med seg 2 gamle knivar frå ein gard i Nore. Eg hadde med ein kniv til opp-pussing fra Sissel og Vidar Lerstad, med blad smidd av bestefar til Sissel, Gunnar O Fjøslien. Stempil GOF. Han var bror til oldefar min, der 4 av brørne var aktive kniv- og ljåsmedar. Ved sida av Gunnar, var det Knut, Kristoffer og Erik.

Den eine av knivane frå Nore var temmeleg sikkert laga av Steinar Storemoen, frå Rollag, med litt utypisk toppholk på slira, og slirelær med saumen bak og utan trykkmønster. Men alt det andre stemmer med hans knivar, m.a. med serrateringsmønsteret på holkane og toppkula. Bladet, som var knekt, var stempla K.OLSEN TIN. Kjetil Olsen Bjerke.

Den andre var ein typisk Båse-kniv frå Sigdal. Helge Båse var storprodusent av knivar i Sigdal, og mange kom og hit til Numedal, med eller utan slire. Kniven hadde blad av Svein Brynjulfsen Tverberg (ST TINN), som er nokså vanleg på gamle knivar. Eg hadde forresten fått med maken Båse-slir med Fjøslikniven, og tok bilde av slirene saman.

Tidlegare i dag såg me 2 ukjende småfuglar på nysåninga rett utanfor huset vårt. Dei likna litt på linerler, men med gulfarga underside, og hadde nesten grå overside som gikk over på meir brunt på vengene. Etter litt studering fann me ut at det var 2 vintererler. Eg har tilgang til å melda inn observasjonar på internettside om fuglar, så no er dei registrerte under http://www.artsobservasjoner.no/ (Ser ikkje slik ut?)
Meir om vintererle kan du finne på heimesida til Norsk Ornitologisk Forening, og på bl.a. http://www.birdlife.no/fuglekunnskap/fugleatlas/?art_id=235

tirsdag 7. oktober 2008

Flesberg-bridge


Etter mange år borte frå bridgebordet, har eg iår begynt å spela fast i Flesberg bridgeklubb att. Sist gong eg spela fast, var saman med Simen Storemoen, som fekk svulst på hjernen og døydde for eindel år sia. Makkeren min no er Harald Magne Meland. Han var med i den store gjengen med kvinnfolk og karar her frå Rollag som starta på bridgekurs etter at eg hadde slutta å spela fast. Dei er no av drivkreftene i bridgeklubben i Flesberg, og er ofte å sjå heilt på toppen av listene. Veldig bra!

I kveld hadde Marit Voldbakken laga blautkake til nestor i bridgeklubben, Odd Blia, som fyller 75 år om 2 dagar, den 9.oktober. Gratulerer med dagen, Odd!

Når det gjeld bridgen, har det gått opp og ned for Harald og meg. Forrige tirsdag var me storfornøgde og havna heilt på topp, men i kveld låg me lenge heilt sist og enda til slutt 7 poeng under middels, på ein 12-plass. Les om alt dette på heimesida: http://bridge.no/720/
Ved å trykke på "turneringer" oppe til venstre, "1.sesjon" under Høstturnering 2.kveld, og vidare på "Harald Magne Meland - Narve Lid", ser du alle spela, kven me spela mot, og resultatet for kvart spel. Det paret me tapte mest mot i kveld var Øyvind Kanstad og Elisabeth Aasen i spel 11 og 12, med 25-7. Det ser ein med å trykka på spelnr. framom namna og få fram kvart spel, med resultat. (Data`n er fantastisk!).
I spel nr.11 sperreåpna Øyvind effektivt i Sør med 4 Hj! Og etter 5 Kl frå Harald i Øst og 5 Hj frå motparten, havna me i slem, men i feil farge; 6 Kl og ikkje 6 Ru, som fleire andre meldte og spela inn. I Kl er det ikkje inntak til å fiska trumfen. Derfor berre 11 stikk, og 1 beit gir "nest-bånn". I spel nr.12 er Øyvind/Elisabeth dyktige og stoppar i 2-melding, der dei fleste melder høgare. Berre 1 beit gir god "skår"! Litt uflaks og litt udyktighet gir oss eit elendig bord.
Ellers har eg iflg.makker "pressa" gjennom å bruka svak grandåpning, frå 12-14 poeng, som ei prøve. I 3 av spela bruka me åpninga, i nr.3, 14 og 21. I spel nr.3 gikk det veldig bra, der me fekk stoppa i 2Hj etter overføring i Ru. Omtrent topp. Dei 2 andre spela enda meldingane på nivå med dei andre borda, men me fekk i underkant av middels, mest på grunn av spelet. Alt i alt enda det på pluss!
Harald og Marit spelar i Rødberg bridgeklubb på mandags-kveldane. Forrige veke gikk det elendig for dei der, medan dei vant igår! Så kanskje Harald bør gjera det dårleg på Rødberg, for at me skal gjera det bra i Flesberg kvelden etter? I alle fall, litt tur er ein avhengig av for å vinna. Og i kveld hadde me kanskje litt utur ved enkelte bord? Men det meste må me nok ta skulda for sjølve, med både feilmeldingar og svake motspel, som drog oss nedover på lista. I kveld vant Jorunn Traaen og Jan Erik Rånes - Gratulerer! Jorunn leder sammenlagt etter 2 kveldar, men me ligg enno bra framme, på ein deilt 4-plass! Turneringa går over 2 kveldar til, og den svakaste poengsummen kan strykas. Så "fylj med i neste bolken" (Fritt etter Flåklypa Tidende).

lørdag 4. oktober 2008

Kongeørn.

Etter fleire dagar med gråvær og regn, klarna det opp utover dagen idag, noko som frista til skogstur. Derfor tok eg med sengeklær som skulle til Svartetjønnbua, og stappa i sekken, og kjørte Bufjellvegen til endes - til Milebotten.
Og maken til opplevingstur eg hadde oppå høgda i efta, skal ein leita lenge etter! Frå Milebotten til Damtjønn (ein tur på ein snau kilometer) skremte eg opp 4 skogsfuglar. Fyrst ei røy, så ei jerpe, ein orrhane, og den siste såg eg ikkje, men kunne høras ut til å vera ein orre.
Men så - skreik det plutseleg rett over hovudet på meg! Og der, omtrent 20 meter oppe, seila det ei ørn! Ho skøltes kjempestor. Eg har aldri vori så nær ei frisk kongeørn før. Og over og rundt henne to falkar. Og høgt oppe ei ørn til! Ørna ”mi” forsvant over nordkanten av Kvigebergo, medan eg hørte små, korte varselrop heile tida. Og like etter kom ho låtande attende, litt høgare denne gongen, og seila opp på toppen av Bufjellnatten, der ho sette seg. Eg glømte sjølsagt at eg hadde det vesle digitalkameraet i beltet, klart til ”skot”. Slik er det ofte, opplevinga kjem så brått og uventa at du ikkje rekk å tenkja på bilde - før motivet er borte!
No var dei andre rovfuglane borte, og snart sleppte ørna seg ut frå toppen og seila nordover mot Fagerliåsen, heilt innåt åsen, like over ”Sankt Olavs nakkehøl”, og vart borte. Heilt utpå kanten av åsen er det eit hol i berget, omtrent som etter skallen på ein mann. Eigentleg ei bitte lita jettegryte. Eg rakk å spørja mor, før ho vart for sjuk, kva som var opphavet til dette namnet? Og det var i siste liten, for ho var truleg den siste som kjente dette sagnet. Det hadde seg slik, at St.Olav ein gong kom med hæren sin austante landet, over Sigdal. Da dei kom frampå Fagerliåsen fekk han sjå ned i Rollagsbygda. Dette synet var så fint, at han i pure gleda sto på hovudet utpå kanten. Og sia har det vori eit søkk etter hovudet hans i fjellet, som har fått namnet ”Sankt Olavs nakkehøl”.
Det øvre bildet viser ein hatt ved sia av hølet. Ikkje St.Olav sin, men min!

Før eg sluttar, må eg fortelja at like etter episoden med ørna, flaug det opp enno ein storfugl. Og på vegen heimatt enno ein, litt nordafor den fyrste. Både fuglejegarane og harejegeren me leiger ut til, fortel om rikeleg med fugl og hare i år. Det kan eg ikkje nekta for etter dette.

Eg gjekk om Bufjellvollen heimatt, langs setervegen på nordsida av vatnet. Komen omtrent ved Snikjestein, kom det ein korp flygande, rett over Lomestein som ligg midt uti vatnet, og mot Bufjellnatten. Jaha, tenkte eg, kanskje ligg det eit slakt etter ørna der. Men korpen svinga berre bortåt Natten og forsvant nordover att, framom Fagerliåsen.
Alt i alt ein utruleg hendelsesrik tur - på vel 2 timar ;-)

Folkemusikkpøbb.


I går kveld starta sesongen i Numedal spel- og dansarlag, med folkemusikkpøbb på Lampeland hotell. Etter ein vellykka kveld i vår, satsar laget på å laga dette til ein tradisjon. Denne gongen var det far og sønn, Asbjørn og Pål Brattås, som stod for konserten. Pål kom direkte frå Hamar, der han og familien bur.

Og frammøtet var bra. 30-40 folkemusikkinteresserte fekk høre kjende og ukjende slåttar av Asbjørn på fela, og Pål med torader og trekkspell. Gamle danseslåttar i samspel var kanskje det som toppa kvelden. Det er utruleg mange gode gamaldansslåttar frå Flesberg, og spesielt fleire ”hamborg”ar (polka) etter Hellik Juveli og Andres Øygarden (og Ole Berget?) tendte danselysta hjå dei fleste.
Så når Ole Runar Bekkeset på torader, Thov Wetterhus på munnharpa og Birgit K Friis på sjøfløyta, alle blant norges beste på sitt instrument, spela opp til dans etter tur, vart dansegolvet ganske fullt. Og dårlegare var det ikkje i dansen, der små-jondølane med Eivind Bakken og Ola Narverud i spissen stilte opp, også dei blant dei beste i landet!
Takk til styret med Thov i spissen, som satsar på noko nytt! Alt i alt ein vellykka kveld. Me ser fram til fleire pøbbar utover vinteren!
Meir om spel- og dansarlaget på heimesida: http://www.numedal.net/nsdl/

torsdag 2. oktober 2008

Rollagsfjell og Knivbladet

Dette vart ein ”rørin” tittel. Og for å blanda enda meir; Eg fekk nettopp SMS frå Mona om at ho hadde landa i Vilnius, der ho er på weekend-tur med gamle venninner frå Bærum/SAS. Håpar dei får det triveleg!

Før ho reiste, hadde me 2 dagars besøk av Hauk og Jon. Dei er 2 brør som har vori hjå oss her på garden minst ein gong i månaden i over 4 år no, og dette var siste gongen. Men det har vori veldig moro å ha dei her, og me har fått øvd oss på å vera ”besteforeldre”- før tida! Natt til tirsdag overnatta me i Svartetjønnbua, som no er såpass i orden at me kunne vera alle 4 der. Her er bilde av bua og båthuset slik det no ser ut. Og finare skal det bli, når alt er ferdig. Eg var heldig som fekk byggeløyve i god tid før vernesaka Trillemarka-Rollagsfjell kom opp. Hvis ikkje, hadde det gått med meg som med grannen Per. For 5-6 år sia vart han nekta løyve til å setta opp ei 150 år gammal laftebu der, på grunn av planer om freding. Heilt tragisk, spør du meg!



Og eit bilde av Hauk og Jon i ”kamp” på tunet her heime. Jon med sjølvlaga sverd og Hauk med eit fangan drøsslauv frå lønn! (Bildet driv og dett ut av sida :-(

Endeleg kom nytt nr. av ”Knivbladet” i posten i går. Og da gjeng timane fort, med å studera bilder og lesa knivstoff!

Alle dei nyare knivane som er med i tevlingar på Elverum, Seljord og andre knivtreff ser heilt fantastiske ut. Det er så ein fuskar i faget kan bli skremt. Ikkje rart at dei fleste av oss aldri vågar det spranget det er å senda knivane våre på bedømming! Dette er eit spørsmål som stadig blir stilt i spaltene i bladet. Dei fleste er vel fornøgde med hobbyen sin likevel, utan å bli (be)dømt.

Ellers er det stoffet om gamle knivar og tradisjonar eg likar best. Og denne gongen var det litt av kvart. Fyrst ein flott presentasjon av ”Sterke-Nils-kniven”, som Vest-Telemark museum kjøpte på auksjon til over 150.000 kr! Minst like interessant var artikkelen om 2 sliretyper frå Meldalsområdet, skrivi av Arvid Hoff, som og stend for heimesida http://www.murul.no/ .

I artikkelen skriv han om dekoren på den såkalla ”Gjømsslira”. Han fortel at han manglar litt på nomenklaturen, men beskriv svært godt og presist ein teknikk som eg har hørt kalla ”serratering”.

Her frå Rollag er det knivmakaren Steinar Storemoen (1854-1934) som er kjend for å ha bruka serraterings-dekor. Og nokre knivsamlarar har trudd at det berre er han som har bruka slik dekor. Utstyret han bruka, skal ha vori i Storemo-bygningen, før den vart flutt til Rollag bygdetun. Sia veit ingen kor det har vorti av. Dekoren hans var nokså karakteristisk, med gjennombrotne hjerter og hol og enkel gravering på holkane - og dei regelmessige mønsterlinene etter serrateringshjulet. Desse finns til og med på dei smalaste magebeltene på slira og på kula på toppen av skaftholken på nokre av knivane hans. Meir om Storemo-knivane seinare.

Du kan og lesa om serratering på Wikipedia, med bilde av verktøy. Og under ordet ”preging” i ”Metallurgisk ordbok” på nettet, med forklaringa ”Trykking av mønster inn i en metallisk flate ved hjelp av små, harde ruller som er forsynt med mønster på rulleflaten”.