Makha Bucha Day,buddhismens dag er ein hellig dag i Thailand. Dermed var og mange thaiar på veg til langhelg i nord. På togstasjonen ordna dei alt frå flybillett, gjestehus,trackingtur,drosje og tog heimatt. Alt for ein billeg penge.CHIANG MAI, byen som er sentrum i nord når det gjeld økonomi,utdanning og turisme er absolutt vel verdt eit besøk. Heldigvis er mine to unge besøkjande glad i historie og kultur så byvandring i den gamle bydelen blei eit must for oss.
Chiang Mai betyr ``ny by``og historien seier at det var 3 kongar som blei einige om å gje byen dette namnet og byggja han opp på ny i fred og venlegdom. Tre kongenes monument står framføre det gamle rådhuset som er blitt eit fint kunst og kulturmuseum. Det var gildt å ta ein tur innom her etter at me hadde rusla rundt ein dag i gamlebyen.
Wat Chiang Man er det eldste tempelet i byen. Ein liten krystallbuddha på 10cm og ein steinbuddha som kjem frå India i Buddhas dødsår er attraksjonane her.
Skulle tru at ein fekk meir enn nok av tempel og Buddhaer etter kvart som fastbuande i dette landet....men dei fasinerer med sin historie, sin stilart og utsjånad.
TREKKING, ut i jungelen, elefanttur og rafting og... HELLO MY NAME IS DO!
Han var absolutt alt. Ein god los, full av humor, kjempegod kokk og skodespelar rundt bålet på kvelden.
Så herleg å komma til ei elv, nett som i fjellheimen i Noreg det. Me ville gjerne bada her, men me skulle gå ein time til......
Bambusskog i lange banar, men innimellom opna det seg flotte naturbilete.
Og så kom me fram til LISU Village til syne. I denne landsbyen var der ein liten leirplass for ``the tracking people. `` Heile gjengen med nederlendere( i for dårlege skor), canadiere, nordmenn, franskmenn og ein irlender var glade for at målet var nådd.
Me fekk ei hytte til overnatting. Her var det lufting gitt. Godt at joggedress og ulltrøye låg i sekken, tenkte eg. Under kvar myggnetting var der plass til to.
Vår gode turlos laga ein god barbeque til oss og utpå kvelden blei det god middag i tillegg. Utover natta blei det bål og song og musikk rundt bålet. Do og ein kompis underhaldt så her var det berre og lena seg tilbake og nyta kvelden og månen som smilte til oss i sirkelform denne kvelden.
Me sov godt, ingen frøys (den varsla kulden kom aldri). Neste morgon var det bye bye til ``the little hut in the forest`` som det står på skiltet.
Fottur langs gode stiar venta.
..........heller ikkje isbilen mangla.
TAENG DAO elefantleir var neste stopp. No kunne føtene våre kvile for no var det heilt andre føter som skulle ta oss med på tur. På smale stiar, opp og ned skulle desse store dyra plassera føtene sine.
Det gjekk ikkje så fort, og ikkje alltid klarte alle elefantane å vera disiplinerte. Ein blir tørst i varmen så kvifor ikkje ,når det er så herleg friskt og kaldt vatn i nærleiken.....
.....eller kanskje ei banan eller to.
Me kom i mål.......så no HILDE har også eg ride på elefant.... og det er jo ålreite dyr.
MAE TAENG elva låg ved sida av elefantleiren. Dermed ble vegen kort til neste utfordring, RAFTING.
Go, go ,go ,go.....sa han som var med oss i båten og då skulle alle 5
padla for livet. Break brølte han når me skulle ta det heilt med ro og berre flyta med straumen.
Det er ein ny dag og ein ny tur til fjellstammene i CHANG DAO, ca 70km nord for Chiang Mai.
Karensfolket, long neck village ,var innvandrarar frå Burma. Jentene får ein slik metallring rundt halsen når dei er 5år. Kvart andre år får dei ein ny. Det var tunge ringar og eg likte ikkje heilt det eg såg. Skuldre blir pressa nedover og det er slett ikkje ufarleg å bera desse. Jentene kunne heller ikkje gå på skule p.g.a ringane. Når dei gifta seg eller når dei blei 25år var det stop med nye. Her måtte ein betala for å koma inn i landsbyen. Dei levde faktisk av å visa seg fram.
På heimvegen var me innom ein papirfabrikk. Dette fine handlaga papiret er laga av elefantbæsj. Eg måtte spørja to gonger før eg oppfatta det. Brevpost, fotalbum, bokmerker,dagbøker og mykje anna fint blir laga av elefantbæsj. Dei tørker han i sola og så tilsett dei noko som formar det heile til ei seig masse. Deretter blir massen vaska og tørka og så er det papir.
PING elva renn gjennom den nye bydelen i Chiang Mai. Den siste dagen tok Anette og eg oss ein båttur opp og ned elva. Avslappande. Me var innom ein fruktplantasje på båtturen og fekk ete frukt i stort monn.
Eit bilete frå SK guesthouse der me hadde vår losji er alltid eit godt minne. Eit koseleg og enkelt gjestehus sentralt i gamlebyen.
BANGKOK neste stasjon.... og no fekk me togbillett.... ein dag seinare enn me hadde tenkt oss returen. Artig å reisa med tog igjen. Ein grei kupe som raskt blei forandra til sovekupe når auga ikkje ville meir.
Og i Bangkok hadde sonen tinga dressar hos moderen sin skreddar som alltid er villig til å gi gode tilbod ( dersom ein handlar mykje).......
På denne dagen i Bangkok var det meditasjonens dag. Dermed hadde tuk-tuk førarar fått gratis påfyll på tanken til å køyra folk rundt til tempel og buddhaar. Me såg etter det gule merket på tuktuken og så var me på sightseeing igjen. Denne gong for å sjå ting som moderen ikkje hatt fått med seg tidlegare.
Den kvite elefanten er hellig og viktig i Buddhas lære. Alle kvite elefantar blir gitt til kongen. Ein tuk-tuk, ein moped og ein bil er Bangkoks gatemiljø.
wat Benchamabophit, marmortempelet. Inni Buddhaen i dette tempelet ligg aska av kong Rama V (det morderne Thailands far). Historien seier at han var kongen som samla thaiane om deira thaiverdiar samstundes som han skapte interesse for vesten sine tankar og klesstil.
WAT SUTHAT er eit tempel som huser the big Buddha, ein 8m høg Buddha som ein gong blei frakta nedover Chao Phraya elva. Det går an å gå inn i Buddhaen og nyte utsikta over elva.
God tur til Noreg til dykk to.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar