torsdag 30. juni 2011

Noreg vart samla til eit rike

Store deler av Noreg vart samla til eit rike under Harald Hårfagre i ca 872 - 900
Så blei resten samla på 1200- talet.  Etter det, gjekk det opp og ned og bortover for oss nordmenn.
I 1905 fekk me vårt eige rike, men me delte oss på målstreken. Knudsen og Aasen fekk oss til å krangle i 100 år.

Så kom NRK. Dei klarte det ingen før hadde klart; samla nasjonen. Folk samla seg i dei stovene det var tv. Alle sat musestille og såg på klokka som tikka, eller meir spanande, pausefiskane i akvariet.

The Forsytes

Nordmenn samla seg om Forsytesagaen, Astonfamilien, Onedin- line, Kruttrøyk etc etc.  Så fekk folk tv i alle stover og dei haldt seg heime. Men alle hadde dei den samme referansebakgrunn. Dei sat heime og såg Dallas, Dynastiet, barnetv og Cosbyfamilien.
Neste dag var dette det store samtaleemnet. Me tala same språket og alle fekk likt tilbod.

Så kom kanalvala. Folk blei forvirra for dei som kun hadde NRK skjøna ikkje kva folk snakka om. Det blei forskjell på folk.

Me har vore forskjellige og hatt forskjellige referansepunkt i mange år. Men så skjedde det: NKR klarte å samla Noreg til eit land.  Me reiste med Hurtigruta. Verdas lengste program.
Fem og eit halvt døger. I 135 timar gjekk denne seilasen direkte. Kvar 3 nordmann følgde programmet. NRK gjekk frå ein marknadsandel på 4 %  til 36 %


Har du sett denne seilasen er du i godt lag. Omlag 3 millionar nordmenn såg den.  Det visar seg også at "heile verda" har følgt hurtigruta. Til og med Bhutan, det siste landet i verda som fekk tv og internett har vist programmet på nett- tv.

I byrjinga såg dette ut til å bli eit vanleg program. Ingen hadde venta dette resultatet. Til lenger nord båten kom, til meir fest og show vart det. Det blei eit kultprogram utan like. Etter 5 dagar sa folk til kvarandre: "kva skal me nå gjere?"

Noreg var atter samla til eit land. Alle samtalar dreia seg om reisa. Me tala atter same språk og hadde same referansebakgrunn.
Heia NRK!



Alle stadar den la til var det fest. Folk gjekk mann av huse og viste kva dei hadde å by på. Me fekk sjå det meste; musikkorps, song, kor, dans og masse sprell. Til og med Elvis left the building i kvit limousine. Me fekk sjå frieri og helsingar til slekt og venner.


Willy montasje (Foto: Marianne Langøy/leserbilde/NRK)
" Finn Willy" dukka opp tre stadar. Fann du Willy?



Hurtigruta slapp å seile åleine. Ho fekk lag overalt av båtar og kanoar.




Nyholm skandse i Bodø salutterte.


På veg inn Trollfjorden.

For de som ikkje fekk  sjå denne reisa kan eg opplyse om at Hurtigruta alltid filmer. Då mor og co reiste med hurtigruta følgde eg reisa deira på hurtigruta sine sider. Her kan de sjå korleis det ser ut: 

Her kan de lesa om seilasen:
http://nrk.no/kultur-og-underholdning/1.7685999

onsdag 29. juni 2011

Kvifor så annige?

Staten er annige. Ofte for anninge. Ofte så annige at dei må snu og ete kamelar.

Det siste anninge staten tek i ferde med, er nedlegging av skattekontora rundt i landet.
Dei byrja då dei delte landet i  fem skatteregionar. Deretter byrja det å rulle: 1 juni  2010 hadde me 259 skattekontor. I desember same år blei 121 nedlagt.

1. juni 2011 blei med øyeblikkelig virkning 48 kontor nedlagt.  På resten av kontora ventar dei tilsette i spaning om dei har jobb til hausten.

Dei siste nedlagdet kontora fekk melding 23. mai at døra var låst 1. juni.  Kvifor denne hasta?
Du får nå åtte valg. Følg med, ellers må du ringe opp att og stille i ny kø.

Regjeringa si sniksentralisering gjer det stadig verre for distrikta.
Skatteetaten seier det blir meir like tilbod når alle brukar telefonen for å få hjelp. ??

Me veit at staten spinkar og sparar der dei kan, utan at det hjelper eit øre. Sjå korleis det gjekk i då forsvarsministeren flytta Jåttå hovedkvarteret. I den pakken var nedlegging av Harald Hårfagre (Madlaleiren) innkalkulert. Men inkvan forrekna seg då NATO hadde avtale med forsvaret om bruk av leiren. Så nå er hovudkvarteret vårt flytta, mens Madlaleiren består. Null sparte kroner.

Me veit at det hjelper å bry seg.
Eg synes me skal slå ring rundt skattekontoret vårt. Det kan svi i lommeboka vårt når me skal diskutere frådrag med ein telefonmaskin som gir oss fleire tastevalg, men ikke medhald...

Ååh, nå har eg gløymt kva tal eg skulle velje.

I dag går den siste kvissen på denne sida av ferien. Nå tar eg snart ferie og logger av.  Det bør de og gjere snart....

Dagens kviss: Kven tek som regel telefonen på skattekontoret på Sand?

tirsdag 28. juni 2011

Hurra for Thormod Torfæus

Thormod Torfæus, ein gong var han den største historikaren, så drog inkvan gløymselens slør over minnet hans. Men heldigvis fins det eldsjeler i verda. Desse eldsjelene kunne heldigvis latin. Nå har dei oversett hans fire første Noregshistoriene, av åtte bind, til norsk.

Latin var ein gong "lingva franca."  Seinare kom uvitenheita, og meinte at latin var ut. Dermed kunne kun få menneske lese Torfæus si noregshistorie. Nyare historikarar kunne ikkje lese hans verker. Dei måtte nøye seg med andrehandsskrifter. Og desse andrehandsskriftene har nedvurdert han. Sjølv om mange av dei ikkje hadde lese bøkene hans sjølv.

Thormod Torfæus, ein staut kar.

Thormod Torfæus var fødd på Island i 1636   Han døydde på Karmøy i 1719  Då var han 83 år. Han hadde eit eventyrleg liv. Han fekk god skulegong, og var godt kjend med den islandske sagalitteraturen. Han studerte i København der han tok ein glimrande teologieksamen i 1657

Torfæus var historieinteressert, og det i ei tid då eldre norsk historie var etterspurt. Alle kongar ville føre slekta si tilbake til heroiske røter.

Han fekk ein kremjobb av kong Frederik 3. Men hoffet intrigerte mot han. Då Torfæus sa til kongen at den store Saxo gramaticus hadde feil i si historiebok, sende kongen Torfæus til Noreg for å få han vekk.  Han skulle bli "kammererer".  Der kom han i konflikt med kongen sine byråkrater, då dei var mot hans effektivisering av eneveldet. Han sa opp.

Stangelandsgarden på Karmøy. Torfæus si stove i midten.

Så fekk ein superjobb. Han blei kongelig antikvar. Han var nygift, og lykka smilte til han. Då døydde Frederik 3.  Sonen Kristian 5. sa han opp etter råd frå hoffet. Så vart Torfæus utan jobb. Han vart dømd til døden etter eit drap i nødverge. Men kongen, som hadde kjent Torfæus alltid, benåda han.  Kongen klaga : I er så morderisk".  Då svara Torfæus:" Jeg har alltid vært av det sinn heller å drepe, enn å la dem  drepe meg."

Han vart tilsett, og oppsagt gjennom heile livet. Det var dei, til einkvar tid, rådane kongar  som hyrte han. Var dei imot han, eller døydde, vart han utan jobb.

Historikarar som kom etter, har ikkje verdsett Torfæus. Etter 1770 kom nye tider. Gerhard Schønning gav ut Norigs historie. I føreordet rosar han Torfæus, men seier han eigentlig ikkje var historiker. Han hadde berre samla  materiale om Noreg.  Indirekte antydar han at Torfæus var unødvendig å lese. Og slik blei det.

Seinast i 1916 blir Torfæus vurdert ut frå si lisvførsel. Dei brukar personleg livsførsel for å vurdere hans kvalitet som forskar. Dr. philos Kålund konkluderte med at: Torfæus besøkte vertshus meir enn tilrådeleg, og hadde  han vore kvinne ville han ha kome i ulykka. - Han trudde på astrologi, og teikn. Kven gjorde ikkje det i den tida då heksebåla varmde Danmark- Noreg både titt og ofte?  - Han var tilbøyelig til å drikkke seg full. Finn ein mann på 1600- talet som ikkje gjorde det..


På 1900- talet var det få  latinekspertar som kunne vurdere Torfæus, og dei  få som kunne, gjorde det ikkje. Dei torde ikkje utfordre dei rådane ekspertane. Det akademiske fagmiljøet godtok at Torfæus blei tatt vekk frå  historiearenaen.  Ein katastrofe, spør du meg.

Norges historie: bind 1

Ingen er ufeilbar. Kvar nye generasjon bør gå til originalkildene og gå grundig gjennom dei. Så lenge ein gir seg for den rådande teori, går vitenskapen veldig seint framover.

Så, hurra for dei som no har sett i gong med det enorme arbeidet med å oversette 8 bind noregshistorie. Slik at me kan lese med sjølsyn, og vurdere det som står. Då kan me "Tænke sjæl!"

Torfæus blei utsett for misunnelse, og andre sine spisse oldbogar blei hans skjebne. Det som Helene Uri har skrive om i ein av romanane sin: " De beste blant oss."   Der skriv ho om korleis folk i  høgtståande stillingar utnyttar sine posisjonar. Ho sa opp stillinga si ved universitetet i Oslo på grunn av det.  Så det skjer framleis på universiteta.


Dagens kviss: Kva heitte konene hans?

mandag 27. juni 2011

Kor mykje bly må til for å få ein ny blyant?

Eg er litt hekta på NPM. Det som heiter New Public Management på fint. Og fint er det. Det er like fint som Keisarens nye klær. I dag kjem historia frå Trondheim.



Tor G. Syvertsen, Professor i konstruksjonsmekanikk

Professor Tor G. Syvertsen er tilsett ved NTNU . Han ser ei klar endring frå 1996  No har NTNU studenta for å tene pengar på dei, ikkje for å gi dei ei skikkeleg utdanning,seier han.

Byråkratiet har tatt overhand, med mange tungvinte ordningar som er frustrerande. For å vise kor tungvint det kan bli, brukar han eksempelet med blyanten. Før kunne han gå i Studentsamskipnaden sin bokhandel når han trong ein blyant, og be om at den vart skriven på instituttet. Så fekk instituttet rekninga og betalte den. Enkelt og greit.

Nå må han spørje ein konsulent om å skaffe den. Då må konsulenten leite for å finne ut kva for ein av NTNU sin leverandør som fører den billigaste blyanten. Så bestiller han den, og den kjem til NTNU ved neste samlelevering om ca tre veker!


Profilbilde
Prorektor for forskning Kari Melby

Som forsvar seier Protektor for forskning, Kari Melby; - at sektoren er underlagt mål- og resultatstyring, styrt av kunnskapsdepartementet. Deler av bevilgninga er knytta til resultater. Det er ikkje spesielt for oss. Det ligg i  systemet."  Dette systemet kallast NPM. "Me må levere kvantitet". Ho seier likevel at det som er viktig for studentane, er kvalitet.

Studentane skal no gjennom studia til normert tid. Kva lærer dei når veilederane brukar tida på å søke om blyantar, lysrøyr og minnepinnar? Er koplinga budsjett og pengeflyt viktigare enn å gi studentane ein skikkeleg utdanning?

Systemet som Melby visar til er NPM. Ei organisasjonsform som driv kostnadseffektivt. Staten nektar for at dei driv AS Noreg etter dette systemet. Jens Stoltenberg uttala i 2008 at han ikkje kjende til NMP.  No seier universiteta at dei må følge opp NPM, pålagd dei av kunnskapsdepartementet!!


Dagen kviss: Kva står NTNU for?

søndag 26. juni 2011

Nordklang

På søndag då alle var heima og slappa av, gjekk eg på konsert på Kulturhuset. Eg veit at alle slappa av heima, for eg var mest åleine på konserten. Det var til og med ein gratiskonsert.

Eg trur folk flest var skremd av at det var Arne Nordheim sin musikk som skulle framførast. Dei er vel ikkje heilt der ennå. Det kan eg forstå. Eg var ikkje heilt der eg heller, men når det er gratis har eg råd til å prøve ut nye sjangrar. Og eg må sei det var ein opplevelse. Eg er glad eg gjekk.

På programmet stod verk for trombone, lur, slagverk og klangrik elektronikk.  Me fekk høyre både norsk- og asiatiskinspirert musikk. Det var verkeleg ein opplevelse, noko eg aldri hadde trudd. 

Når eg har høyrt Nordheim sin musikk på tv eller radio, har eg raskt skifta kanal. Men det viser seg at dette er musikk som må opplevast "Live."  På Sand denne kvelden, fekk me ein interessant opplevelse med veldig gode musikarar og måkeskrik-akkompanement.


Arne Nordheim
Arne Nordheim på leit etter lyden

Arne Nordheim gav dei tradisjonelle instrumenta ein ny klang. Han tok i bruk elektronikk på magnetband. Ei tid jobba han berre med det. Han blanda elektronikk og tradisjonelle instrument.  Frank Zappa var inspirert av Arne Nordheim. Fleire eksperimentelle unge musikarar er overraska over kor moderne han var, alt på 60- talet.

Eg må sei at når dei framførte "The return of the Snark," fælte eg. Eg blei jammen meg fysisk kvalmen av lydane, og eg såg han!  Eg såg han før meg den han duppa på overflata. Tenk på det neste gong...





Her sit publikummet!  Mannen i svart dress er musikaren Odd Børge Sagland.  Øvst i bilete sit lydmannen. Vår eigen Øyvind Sand, karakterisert som den beste lydmannen desse karane hadde hatt. Den attesten bør han skaffe seg skriftleg prov på, for dette var proffe karar som visste kva dei snakka om.



Her er paukisten Sagland i sving med allslags løgne instrumenter, mykje asiatisk.  Skogsdjevelen, tysk instument, var ny for meg. Han var fasinerandes.



Me får høyre forskjellige anekdotar om Nordheim og hans musikk.  Mellom anna blei det fortald om ein  rein klang dei ikkje kunne gjenkjenne. "Jo," sa Nordheim. "Eg hadde eit prosjekt med flygel. Så eg heiv pingpong- ballar oppi flygelet og spela mens eg tok det opp på band!"

Trombonisten,Gaute Vikdal, framfører Bjølle`e`fjelle` for lur og elektronikk.

For dei som lurer på kva me høyrde, var det: Bjølle`e`fjelle`- for lur og elektronikk, Response- for slagverk og elektronikk, The return of the Snark- for trombone og elektronikk, og Nordklang- for slagverk og elektronikk.

For interesserte:

lørdag 25. juni 2011

Draumen om å bade i silopresset...

I ei avis såg eg bilete av ein silopressduk.  Det sette "mine små grå" i gong med mimring. Eg minnest, å eg minnest....




I eit slikt basseng har eg bada, på toppen av siloen vår. Slik lærte eg å ta dei første famlande symjetaka. Og slik blei eg hekta på symjebasseng.  Far lova å spa silopresset ned i hagen mellom huset og folgehuset. Då skulle me få flott basseng i hagen. 

Eg venta og voks...  Kvart år sa far: "neste år." Tilslutt innsåg eg at de ikkje blei hagebasseng på meg. Men draumen forsvann aldri.

I alle år som vaksen har eg hatt basseng i hagen, både store og små. Nå har eg eit halvstort som me kan ta to symjetak i. Snart blir det vel sommar og finver. Då er ungane klar til å sette det opp.




Silopressen holder seg oppreist pga. den innsveisede flytekanten

Flott basseng. Dette står av seg sjølv.  Nå er det helst balling bøndene driv med, så kanskje det er mogligheit for billige, fint brukte, silopress. Det ligg sikkert mange slike og sleng om ikkje mysene har ete hol i dei,

Slik vart silopresset sett opp. Tenk deg det raude er siloen, og det grøne er siloforet.



I mangel av basseng går det også fint med bøtte. Her har dotter nummer 1 leika i ku-skiten og treng å fjelga seg litt.


Bittesmå basseng går også godt. På bilete kan me skimta 3 stk Karen`ar.


Dotter nummer 2 har stavra seg bort og er klar til bading.



Nå har eg del i to basseng på landstedet.  Så draumen er delvis oppfylt.

Er det andre som har silopressbade-erfaringar? 

Hageliv

Hageliv i farne tider. Når onkel Løland voks opp hadde dei søndags-siestaen sin nede ved Pøttaberget.  Dei skulle helst ikkje sitje å gjere ingenting i dei dagar. Men som vaksen i den nyare tid, likte han godt hageliv.

Sjå denne rosa. Det er min favoritt. Ho veks i min hage og eg er stolt over den. Men i år har sniglane funne den. Dei har ikje rørt den før, så det er rart at den er teken nå når det er så få sniglar.

Bind deg ein blomekrans, kom no til leik og dans.. Eg og Kirsten har botte kvar vår krans i Tante Anny og onkel Tor sin hage.

Hageliv i Prestaåsen.  Pause i kroketturneringa.

                                                          fine blomar



Pollinering på gong

Sjekk dette kreker her. Hadde gløymt å stille makroen på , så den er noko uklar. Det er ein Tege.

Her er den litt tydeligare.  På søndag sag eg ein heilt lysegrøne og.

Utedo i hagen kan vere kjekt å ha, spesielt når det er ein parasoll som gir skygge i sol, og ly i regn.

fredag 24. juni 2011

Staten og NPM

Staten driv Noreg etter NPM- prinsippet. NPM står for New Public Management. Dette er ein organisasjonsdriftsform som var inn på 80- talet.

Ideen bak NMP er at offentleg sektor skal drive kostnadseffektivt. Dei nyttar konkurranseutsetjing, privatisering, internprissetjing, stykkprisfinansiering, resultatenhet og offentleg privat samarbeid. Høyres dette kjent ut?

Staten nektar for at dei driv etter NPM metoden.  "Den er passe`.  Det var en styretenking på 80- og 90- talet," seier direktøren for senter for statleg økonomistyring. (SSØ)  "Nå driver vi med praktiske styringsmetodar i staten," seier ho.  SSØ skal med utgongspunkt i regelverket legge til rette for god økonomistyring der hovudmålet er effektiv ressursbruk.

...
Rolf Reikvam, SV, vil ha vekk NPM-tenkinga.

Korleis er dette i røynda? Jo, statlege garasjar står tome fordi andre statlege verksemder ikkje har råd til å leige plassar. Sjukehusavdelingar står ferdige, men er stengde fordi det ikkje er pengar å halda dei opne.

På 80- talet byrja staten å la sjukehusa få betalt per behandla pasient. Det for å motivere sjukehusa til å behandla fleire pasientar og dermed forbetre det totale behandlingstilbodet.  Det resulterte i at nokre pasientar vart meir lønsomme enn andre.  Kronisk sjuke vart mindre lønsomme enn pasientar med enklare diagnosar.  Beinbrot er betre enn gikt.

I 2001 kom neste steg: fastlegeordninga.  Det vart innført ein lønsmodell der det er eit  grunnbeløp etter pasientlistestørrelsen, og pengar per utført konsultasjon. Igjen, korte konsultasjonar, og enkle  pasientar løner seg.  Veit du at når du går til ein annan lege enn din fastlege, får han likevel ei del av kaka?

Jarnbanane er ikkje noko me har særleg erfaring med i Ryfylke, men, som leiar av elektropersonalet sitt landsråd seier:  "NPM er noko me ikkje skjønar. Det kjem snikande og er ofte pakka inn i overbevisande argument som: meir jarnbane for pengane! Fornuftig bruk av skattepengar, og effektivisering!"

Me kan forstå kvifor det går seint med utbetring og oppgradering når feila som blir innrapportert ikkje kan vølast der og då. Feilen må skrivast opp.  Så må den meldast inn.  Då kan det gå mange år før den blir utbetra.

Vegen for å vøle ein feil er slik:  Montøren melder frå skriftleg.  Det blir sendt til eigaren som lagar bestilling til driftsavdelinga. Driftsavdelinga set ein pris på reparasjonen. Kalkylen blir sendt eigaren som må akseptere, og eventuelt bestille arbeidet hos montøren. Montøren lagar prosjektnummer på saka der utgiftene blir påført og sender den til eigaren når feilen er utbetra. Dette kan ta opp til fleire veker, for ein feil som kunne vore vølt der og då.
Var det nokon som snakka om effektivisering?

Korleis er det på dykkar arbeisplass?


NEW PUBLIC MANAGEMENT:

  • New Public Management (NPM) har en klar ideologisk forankring: Et ønske om nedbygging av offentlig sektor, fristilling og privatisering/konkurranseutsetting.
  • Offentlig sektor ledes og styres etter modell av private bedrifter. Målet er å effektivisere driften og å kutte offentlige kostnader.
  • Sentralt i ideen bak NPM er en forståelse av offentlig sektor som stivbeint, ineffektiv, uøkonomisk og preget av særinteresser.
  • NPM har sitt utspring i den anglosaksiske verden. Land som Australia, New Zealand og Storbritannia har vært sentrale, både i definering av hva NPM er, og i implementeringen av denne.


Her kan de lese om NPM:
http://www.velferdsstaten.no/Tema/offentlig-styring/NPM/?pageId=6198

Dagens kviss: Kor starta NPM bølga?

torsdag 23. juni 2011

Jonsok på Hiim

Me har i alle år feira St. Hans på Hiim, eller Jonsok som me seier. Då me var små var feiringa på Hiimsmoen. Raudekrossen sitt sanatorium feira Jonsok. Det var eit stort bål midt i beitet til Ola Hiim. Frå kjøkkenet kom dei med handkjerra full av gryter og spann. Det var pølser og brød. Og det beste av alt; iskrem i kjeks. 

Utpå kvelden sende Hiimsmo-drengen opp rakettane og me sprang som galne for å få tak i dei når dei datt ned.

Etter at sanatoriet vart nedlagt fortsette me feiringa. Utanom  Hiim, var det i Mo dei brant bål. Der var det dans og. Av og til brann det andre stadar og. Eg var eit år på Sand saman med tante Ragnhild og onkel Jostein. Det var gildt, men eg tykte det var meir liv i Mo enn der. I ungdomsåra ville me vere både her og der. Ofte for me til Mo utpå kvelden. Den lyse midtsommarsnatta.

Av og til måtte eg vere i byen, då det ikkje passa med arbeidsfri dagen etter. Då var det Vannasen som var staden. Det var i vannverksskogen på Auglend. Det kunne heller ikkje måle seg med heime. Så eg byrja å ordne meg ferie frå St. Hans.


Pøttaberget i velmaktsdagar. Her bada me om sommaren. Her leika me, og her feira me, og her brant me jonsokbål.

Av og til var det store ting som for på bålet. Eg og Lars Åge  hadde visst vikingane i tankane eit år.


Midt på 70-talet. Det er far, Ramona, mor, Marit med Silje, tante Valborg og Kari. Framme Anne , Per og Åge.


Det er flott med jonsokbål


Mykje røyk dette året. Den stig rett opp. Det er eit godt teikn;)


Erling, far, mor, eg, Maren er baby inntulla i teppe, Karen Helene, Kari og Kristin.

Oftast var det regn jonsokaftan. Far festa presenning mellom trea så me kunne sitje tort. Etter at trea velta blei det verre. Så kom redskapshuset opp og me byrja å bruke det til festen.  Dei gongene Nils Hiim kom bort med trekkspelet, vart det fest og dans på Hiim også.

Eit år brann me heksa med sopelimen.  Eg ofra ein gammelrosa genser for å gi heksa kler, men det trega eg fælt på etterpå.

Dette biletet viste seg å vere frå Karen sin 30 årsdag. Det såg eg først etter at eg hadde lasta det opp. Då hadde eg klyst såpass lenge med opplastinga at eg orka ikkje starte på nytt. Men mange av dei same folka går att på Jonsokaftan også.

Dette er også frå Karen si 30 års feiring. Men de får eit inntrykk kor fint me har det i reidskapshuset.   Søstrene har pep-talk.


DSC00072
Ha ei fin St. Hansaftan!

Dagen kviss: Kor mange blomsterslag skal plukkast og leggast under hovudputa denne natta? og kvifor?

onsdag 22. juni 2011

kraftrittet

19. juni klokka 12 gjekk startskotet for det aller første Kraftrittet. Suldal sykkelklubb sitt eige ritt. Med over 90 påmelde var det litt av ei rekkje som for ut frå start. 

Starten gjekk frå Ryggjatun. Så sykla dei fem og ei halv mil på asfalt, grus, over hompar og dumpar, frå Sand til Berge/ Vik og ned att til Sand. Frå Berge til Vik svingar traktorvegen seg nedover med ein helning på  21 grader.


Ved Ritlandsvatnet måtte dei kryssa stemmen. Nokre freste gjennom så vasspruten stod, andre tok det vel rolig. Mykje spanande å sjå her.



Eit kraftritt må sjølvsagt gå forbi ein kraftstasjon. Sand sin eigen kraftstasjon står  i Vetterdalen. Eg var spent på korleis det skulle gå med syklistane her, for det låg eit par centimeter tjukt gruslag på asfalten. 

På filmen som ligg nedst på sida kan de sjå korleis det såg ut. Arrangørane hadde sopa reint halve vegbanen. Det såg det spøkje ut for den syklisten som nytta høve til å passere ein konkurrent. Han kryssa over på de andre sida der grusen låg, med han heldt seg på hjul.



Syklistane vart som regel litt i stuss når dei kom hit. Her tek vegen slutt. El-verket har tatt ein spansk ein og fjerna eit kulturminne. Den gamle ferdavegen gjekk her. Me ser det nedst i bilete; det er nå ein bakke isådd gras. Graset er slått for at syklistane skulle finne fram. Nå som El-verket er avslørt, bør dei vel bli pålagd å gi oss kulturminnet tilbake.

Sidan El-verket har rasert den gamle ferdavegen her, har arrangøren vore så smart at vegskiltet kan lesast frå alle retningar, også om ein ligg i velt.

                          Her kjem Suldals sprekaste mann syklande: Ola Sandvik.

Vegen vidare; over brua, opp Apalbakkjen, Træ, forbi Jonsaløkkja og ned Snegåtå. 

Vinnarane vart : Andreas Nygård, Klepp 1.48.02 og Astrid E. Helgeland, Dalane 2.08.17

Denne er til Ola Sandvik. Den eldste, og som fullførte med glans!

Her er klippet frå Vetterdalen, ikkje Hiimsdalen som det står:

Kraftrittsida:

Dagens kviss: Kven var rittmester?