måndag, mai 02, 2011

"Eit prakteksemplar av ein tind"

..dette står skreve i boka "Skiturar i Sunnmørsalpane", og er mynta på Kolåstinden.

Dette majestetiske fjellet er ikkje av det høgste i Sunnmørsalpane, men turen frå Standalseidet til denne 1432 m høge tinden gjev deg ein variert skitur i mektig natur.








Kolåstinden er markert med raudt. Molladalen med grønn sirkel.





Laurdag 30. april kl 09.00 satt eg aleine på denne toppen og kunne nyte stillheita og den fantastiske utsikta over alpelandskapet, med Molladalen i nord, Gjegnen i sydvest og i syd; kjente fjelltoppar i indre Nordfjord.

Dei 1060 høgdemeterane til toppen tok 2 timar via Appelsinhaugen og Stretet. Returen gjekk ned breen mot dalbotnen.

Total tidsbruk Stryn-Kolåstinden-Stryn: 6,5 timar.

Les meir om Kolåstinden på Hjørundfjordportalen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar