torsdag 29. april 2010

Prissjokk

av OH

Eg kom over denne galskapen etter ei observasjonsrunde på Meny.

Birkebeiner fenalår frå Gilde er godt så lenge man får det servert, men den som kjøper dette produktet kan neppe vere fast leser av Sparebloggen.

Eit bilete seier meir enn tusen ord om kvifor fattige er fattige (..og ikkje minst kvifor rike er rike).


tysdag 27. april 2010

3x3 hurra for Reitan!

av SR

I desse tider då heile Norgesgruppen aukar "tilbodsprisen" på kjøtdeig frå 19,90 til 24,90, har familien Reitan gjeve dei svar på tiltale! Prisen på 400 gram kjøtdeig frå Nordfjord hjå Rema 1000 er no observert (og utprøvd) til brillefine 17,90! Ingen grunn til å ikkje kjøpa inn kjøtdeig no altså! 3x3 hurra for Reitan!

måndag 26. april 2010

Vekas tilbod - svineveke

av KR

* Joker
Holy mother of pork! 34,90 for fersk svinesteik frå Gilde. Maks fem per kunde, men det løysast med lausskjegg. Elles er det 40% rabatt på sjokoladar frå Freia, og vekas tikroning er 3pk med hermetisk mais. Joker fortenar likevel noko peppar denne veka, då dei prøvar seg med svindelen 400g karbonadedeig til 39,90.

* Coop Marked
Har denne veka nakkekotelettar til 39,90 pr kg. Det er normalt ein tilrådeleg pris, men behersk deg denne veka.

* Spar
400g kjøttdeig til 24,90, me ventar normalt til 19,90 her på bloggen. Nakkekotelettar til 39,90 pr kg, og noko dei kallar sumarkotelettar til same prisen. Sistnemnde er ordinære kotelettar og bør helst kjøpast til maksimale 29,90.

* Coop Extra
Pølser til 25 kr kg kan tilrådast, men truleg er smaken så dårleg at kjøtet best eignar seg som tilbehøyr i gryter og anna.

* Rimi
Har byrja grillsesongen, og fell sjølvsagt pladask igjennom alt i april. Kotelettar til 59,90 pr kg er ei skam, men pølsene frå Gilde til 33,25 kr kg kan tolast. 18,90 pr kg for frosne reker er heller ikkje noko å utsette på, men i grunn ganske ordinært etter at Røkke byrja å fiske. Pangasiusfilet til 44,20 pr kg bør òg prøvast denne veka. Styr unna kyllingfileten til 166 kr kg. Me har ikkje opplevd slik frekkheit sidan Rimi-Hagen sist opna kjeften.

Faktaboks: Pangasius. Mallefisk som oppdrettarar i Asia og USA har lagt sin elsk på. Det burde også konsumentane, då den er særs billeg og beinfri. Ikkje desto mindre moro vert det å vite at fisken fôrast på bananar og riskorn. Me veit ikkje når fisken vart oppdaga i Vesten, men veit sopass at han som namnga fisken også har skrive ei avhandling om parasittiske ormar i mennesker. Vel bekomme!

* Coop Mega
200g sjokolade frå Freia til 16,90. Bananar til 9,90 pr kg er ein sokalla Mega-pris denne veka. I tillegg sel dei Jegerbrød til 9,90 pr stk. Me anar ikkje kva dette smakar av, men har det noko med jakt og jag å gjera tilrår me å styre klar.

* Kiwi
Sumarkotelettar til 27,90 pr kg! Ta-dam, turen går til Kiwi.

* Coop Prix
19,90 for 10 stk ispinnar kan vera bra i vårsola. 400g kjøttdeig til 24,90 kan tålast om du er tom, men maks ein per sparar.

* Politiet
Arrangerar denne veka sykkelauksjon. Vår tilråding er at du møter opp, byrjar å krangle og ber om å få tilbake sykkelen din.

Vekas tilbod: FirstPrice sine kotelettar på Kiwi til 27,90!

fredag 23. april 2010

Alarm!

av KR

Det er alarm på vegne av vanvittig mange sparar i det ganske land! Alarm! Alarm!

Kiwi sel for tida surra svinesteik til 38,90 per kilo. Beinfri. Denne held til minst 5 middagar, og vil med nokre poteter og steikesky gje middagar til under 10-kroningen.

måndag 19. april 2010

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Ein luring frå Joker denne veka, 400g kjøttdeig til 24,90 - eit varsel om kva som er i vente? Me tilrår maks 1 pk og ventar til klassiske 19,90. Joker har ilag med Bama innført 50% rabatt på frukt og grønt ut året. Vilkåret er at du kjøper gjennom eit idrettslag, så her er det berre å registrere lag!

* Spar
Tikronarsmarknad, pass på. Me vil trekke fram blodpølsa til 10 kr, dette er òg blodraude 70% nedgong frå veiledande pris. Elles er det 10 kr på eindel Denja-salatar, verdt å ta med seg om ein likar slikt. Det same gjeld kremostar frå Tine, og kjeks som Bixit, Kornmo og Ballerina.

Særleg vil me framheve 4-korn 1 kg, dette er ei brødblanding med frø som normalt går for doble prisen. 1 kg Grovbakst og 750g havregryn til 10 kr er heller ikkje i kimse av, men langt i frå like generøst. Kjenner du det rykke i bakstefjøla?

* Rimi
Har same kjøttdeigtilbodet som Joker, me avventar til 19,90. 1,5 liter Farris for 7,90 er tilrådeleg om du ikkje har innlagt vatn (eller brønn). Kva gjeld kvitosten føretrekk me å vente til 1 kg kostar 49,90, ikkje 720g slik desse her tilbyr.

* Mega
40% rabatt på alle ferdigrettar frå Fjordland, og det var sanneleg på tide med eit priskutt. Likevel; ikkje sparebloggprisar. 1 kg brunost til 49,90 kan vera billeg, her mottek me gjerne korrigering frå kjennarar.

* Prix
Køyrer også luretilbodet 24,90 på kjøttdeig, og ber deg laste opp før dei senkar til 19,90. Nei takk! Same linja køyrer me på Findus sin fiskegrateng, 27,90 er dyrt når dette er ein tikronarmarknadklassikar. Me avventar.

"Vann er sunt", skriv Prix i kundeavisa si. Det har dei rett i, vatn er òg gratis i springen!

* Coop Obs!
Røykt kjøttpølse 900g til 29,90 er tilrådeleg. Det same gjeld skinkesteik til 39,90 pr kg. Elles er det "Barnas uker" på Obs, og med mindre du treng ein sykkel med ramme på 16", eller ei festdrakt (billegbunad), er det i grunn tynt i rekkene hjå Obs.

Vekas høgdepunkt er 4-korn på Spar, laup og kaup!

søndag 18. april 2010

Med matpakke og termos

av KR

Fyrst av alt må me be om orsaking for denne påskestilla som har truffe bloggen. Nettlinja mi stod ikkje opp att tredje dagen, og SR gjekk vel lei av å vikariere for meg. Nok om det! Her kjem nokre refleksjonar om matpakken.

Kantina er ein arena for overføring av pengar frå dei mindre bemidla til dei bemidla. Du har sikkert sett mange meske seg med kantinemat dei påstår er billeg. "Denne skiva med ost og paprika kostar berre 20 kr, dette eplet utan stilk kostar berre 10 kr og denne kaffien frå automat kostar berre det doble". Du sit der med kaffi på termos og velsmurt matboks (du kastar sjølvsagt ikkje bort pengar på matpapir). Og smiler. Ikkje berre får du bruke kantina gratis, du er også forsynt med gratis fløte, sukker, mv (berekna på betalande gjestar). Berre her ligg det ein mogleg gevinst på 5 kr dagen, om du då ikkje like godt forsynar deg for resten av veka. Dum, sløsande kantinegjest derimot, heretter omtala som Linni M, brukar i gjennomsnitt 50 kr på kantina kvar dag. Me reknar 240 kantinedagar i året, og gildet kostar Linni M 12.000 kr i året.

Ein gjennomsnittleg sparematpakke med termos kostar 3 kr. Me reknar her 4 heimebaka brødskiver (5 kr per brød), ei krone i pålegg (skinke eller servelat frå FirstPrice til 90 kr/kg) og ei krone for kaffien (8,90 kr for 250 g Cirkel-kaffi). Om du er fin på det kan du legge til nokre kroner i året for plastpose (100 stk for 10 kr FirstPrice). Desto mindre om du føretrekk plastposegjenbruk, vaskar og heng opp gamle plastposar (enno ei spareblogg-gullgruve!). Totalt vil eit regime med sparematpakke koste deg 720 kr i året, og du har då kaffi til overs som nytast resten av dagen. Pay yourself first!