Om Hafslo
Opp

 

Hafslo

 

Hafslo  er ei jordbruksbygd med busetnad rundt det vakre og fiskerike Hafslovatnet.

Hafslo har om lag 1100 innbyggarar. Her er butikk med post, bakeri, hotell, pizza restaurant/pub, og kro. Her er fine forhold for friluftsliv og ikkje minst sportsfiske. ”Hafslo-besten” er auren som enno ikkje er teken!

Hafslo er eit glimrande utgangspunkt for utflukter til ulike aktivitetar. Med mindre enn ein times biltur kan du nå alt frå kjøpesenter til fjelltoppar, fjord og bre. Dette les du meir om på aktivitets sida vår.

Vinterstid er Hafslo ei perle for skifolk. Sogn skisenter har velpreparerte langrennsløyper, Noregs lengste samanhengande trekk med tilhøyrande fine bakkar, og eige barnetrekk med fine tilhøve for dei minste.