Hytter
Opp Prisar

 

Hytter

 

Dei fire hyttene ligg usjenert til heilt nede ved Hafslovatnet.

Dei tre største hyttene vart bygde i 1991, og den minste vart bygd i 1994.

Dei tre største hyttene har tre soverom, alle med dobbeltsenger, altså sengeplass til seks personar. Den minste hytta har to soverom med dobbeltseng med køye over. Også her er det sengeplass til seks personar.

Alle hyttene har bad med varmekablar, dusj og toalett. Kjøkenet har kjøleskåp, frys, komfyr , oppvaskmaskin, og alt du treng av kokeutstyr og dekketøy. Stova har spisebord, sofakrok med tv og vedomn.

Hyttene har bod med vaskemaskin, og ikkje minst, ein stor solrik veranda.

 

 

Trykk på bilde for større format.

Viser mot kjøkenet

Hytte innvendig

soverom med køyseng

Mot vatenet

Terrassen

Utanfor hyttene