Voss – råaste aktivitetsbygda i Noreg!
Voss har uendeleg mykje å by på og naturen står i sentrum, uavhengig av korleis du vil nyta den. Du vel sjølv om du vil opp i fjellet til fots, ta inn utsikten frå Hanguren restaurant, sykle, eller sveve rundt i lufta med paraglider. Voss ligg i hjarte av fjord-Noreg og det er korte avstandar til eit mangfald av akvititetar, i tillegg til vakre Hardangerfjorden og Sognefjorden. Voss Resort passer difor ypperleg både som overnattingsbase eller til dagsturar, dersom du er ute etter å utforska fjord og fjell, og vera med på aktivitetar som byr på opplevingar utanom det vanlege.
Sommaraktivitetar i Voss Resort
Du rullar inn på Voss Stasjon med tog eller bil og tar Voss Gondol opp til Hanguren 810 moh. her kan du gjera ein rekke aktivitetar enten du likar det ekstreme eller som familie på tur.
Eit mangfald av aktivitetar
Mat og drikke + Kultur = Matkultur
Mat og drikkekulturen er særs sterk på Voss, noko bygda etter kvart har blitt verdskjent for. Du har sjølvsagt høyrd om Vossafår?! Og kanskje du har høyrd gjetord om delikatessa med kallar smalahove? Det er berre nokre av dei mange unike matopplevingane på Voss.
Hjå Hangurstoppen Restaurant har me fokus på mat laga frå botn og norske råvarer. Her får du servert mat med gode, sesongbaserte og lokale råvarer.
Voss har og ei lang og unik tradisjon innan ølbrygging, noko som verkeleg har fått ein del merksamd dei siste åra. Det er spesielt den verdskjente Kveik’en, Voss er kjent for. Denne tradisjonstunge gjæren har særs lange urnorske tradisjoner på Voss og vert i dag løfta fram internasjonalt blant ølbryggarane. Fleire av bryggeria tar imot besøk, til dømes Voss Bryggeri og Voss Fellesbryggeri.
Voss har ei rik kulturhistorie
- Finnesloft ein gildesal frå middelalderen
- Vangskyrkja frå 1277
- Voss Folkemuseum på Mølstertunet
- Hedleberget skiferbrot på Kyte med historie i spektakulære omgjevnader. Her er det konsertar, omvisning og ein nydeleg kultursti.
- Nesheimstunet ligg med flott utsikt over Lønavatnet.
- Den unike idrettshistoria på Voss med 98 OL og VM medaljar som strekkjer seg attende til Jon Istad sine fyrste medaljar i skiskyting på byrjinga av 19-60- talet til Sjur Røthe sitt VM gull i 30 km med skibyte i 2019.
Sov godt etter ein aktiv dag i Voss Resort
Moglegheitane er mangfaldige om du brukar Voss Resort som base for sommarens eventyr! Me har sjølvhushald hytter og leiligheiter til leige gjennom heile året. I tillegg har me og ei unik overnattingsmoglegheit; hengekøyeovernatting – under tak, med utsikt! Sjå meir informasjon om vårt overnattingstilbod her.