- Me har sterke kjensler for Hardanger og er glade for tiltak som styrkjer Hardanger som region, seier Håvard Hanto-Haugse som representerer banken.

Styrker regionen

- Me ynskjer samarbeid på tvers av kommunegrensene og tiltak som styrkjer identiteten, seier han.

Sparebank1 Hardanger vil gjerne vera med å forma historia og ikkje minst sikre at ho ikkje går i gløymeboka.

- Me har stor tru på prosjektet, elles hadde me ikkje gått inn med så stor sum, seier Hanto-Haugse.

Banken har tidlegare løyvt 200 000 til prosjektet, og har gjeve signal om to nye løyvingar.

- Det meste av finansieringa er på plass, og utgjeving i 2013 er realistisk, seier forretningsførar i laget, Øystein Pugerud.

Verket er kostnadsrekna til om lag 6,5 millionar. Dei sju Hardanger-kommunane har bidrege med 2,3 millionar, fylket har løyvd 250 000, og gjeve signal om at det kan vera aktuelt å løyve KUP-midlar (Kulturelt utviklingsprogram) til prosjektet.

Er i gang

Dette gjer at historielaget har signert kontrakt med forlaget som skal gje ut bokverket, Vigmostad og Bjørke. Bokkomité er oppnemnd og prosjektskisse laga. I komiteen sit professor Ståle Dyvik som histirielaget sin mann og Edgar Hovland frå forlaget. Odding og historikar Svein Ivar Angell er mellom dei som skal bidra med artiklar.

- Me er takknemlege og glade for at banken vil vera hovudsponsor for regionsoga, seier leiar i historielaget, Marit Bleie Mannsåker.

Ho legg til at det framleis er mogeleg å bidra med sponsormidlar. Dei som er med på å få soga i hamn, vil verta kredistert i verket.

Bleie Mannsåker rosar eldsjel-kvartettten Øystein Pugerud, Oddmund Hus, Lars O. Bleie og Inge Reinsnos som i mange år har arbeidt for å få ei regionsoge for Hardanger. Dei har levert eit forprosjekt som har vore eit godt grunnlag for å kunne realisera soga.

Trebandsverket er planlagt ferdig i 2013. Det samlar Hardanger si historie frå dei eldste tider fram til i dag.

Forfattarar med bakgrunn frå Rokkansenteret, Høgskulen i Bergen, Universitetet i Bergen, International Research Institute Stavanger, Bergen Sjøfartsmuseum og Riksarkivet, er på plass og har fått oppdraga sine.

Dei tre banda som skal dekke historia til området som i dag utgjer dei sju Hardanger-kommunane, og vil femna breitt. Geografi, næringsgrunnlag, samferdsle, samfunnsorganisering, utvikling, kultur og identitet. Er me heldige får me og eit godt grunna svar på om Hardangeridentiteten finnest og kva den er.