onsdag 22. juni 2011

Valutakursen TZS mot NOK

Google sa at 1000 TZS var verdt NOK 3,50
Dette er verdiar som får støtte av XE og OANDA.
Likevel ser eg at DNB har tatt litt over kr. 3,58 per 1000 TZS.
Dette var den 01.06.2011
Riktig nok tok dei litt mindre den 10.06.2011. Då betalte eg litt under kr. 3,56 per 1000 TZS og dagens kurs er i følge OANDA på NOK 3,42 per 1000 TZS.

Det utgjer ikkje den store skilnaden for meg.
Eg brukte totalt TZS 600 000 og betalte NOK 2 144,77 til DNB for dette.
Hadde eg fått Google sin kurs, hadde eg måtte ut med NOK 2 100,- og spart nesten 45,-
Ikkje meir enn ein må rekne med? :-)

Og hadde eg gjort same forbruket i dag med OANDA sin kurs, hadde eg måtte ut med NOK 2 050,- og spart nesten 95,-

Alt vel! :-)

Meir støtte til Mwanza-prosjektet

Då har det kome inn enno meir støtte til enkeprosjektet i Mwanza:

Ingvild Ystanes: 500,-
Gry Eike: 500,-
Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum: 1000,-

Desse pengane gjer det mogeleg å betala den uteståande summen på kr. 1000,- hos Aarekol It Kompetanse, då dei bærbare datamaskinene vi kjøpte inn kosta litt meir enn kr. 3000,- per stykk.

Restbeløpet må vi finna ein god måte å gjer nytte av.
Anten ved å bidra i prosjektet når litt tid har gått, eller ved å donera restbeløpet til formål knytt til Mwanza, Tanzania eller andre sine tilsvarande hjelpeprosjekt. Kom gjerne med tips og innspel.

tirsdag 14. juni 2011

Ovnsbakt laks med potet og grønnsaker

Mamma, Heidi og Amalie utgjor velkomstkommité på Flesland. Tollarane gadda ikkje sjekka innhaldet i bagasjen min, men spurte meg kvar eg hadde vert, kva eg hadde gjort der og kor lenge eg hadde vert vekke. Då var det greitt, og eg fekk passera.

Heima hos mamma fekk eg nydeleg omsbakt laks til middag.
Nam-nam!

Ikkje for å sei noko negativt om matlaginga til Milka, men mamma sin mat var himmelsk :-D

Elles var det overraskande behageleg å få dongeribukser på, etter ein runde i dusjen.

Og til slutt blei det chips og dipp!
Jaggu godt å vera heima også!

26 timars heimreise

Vi drog frå huset til Trine i går (måndag 13. juni) kl. 15:00 lokaltid. Det er kl. 14:00, norsk tid. Turen til flyplassen gjekk veldig fint via humpete bakvegar, pga. ein supergod sjåfør. Ein varm og god avskjed med folk eg kjem til å sakna masse, og så innsjekking på Mwanza Airport.

26 timar seinare var eg på plass hos mamma i Bergen. Pfjuh.. Flyet frå Dar es Salaam var minst tre timar seint, pga. valkanutbrott i Etiopia (sjå NRK-artikkel). Eg kom i prat med ein sveitzer som også hadde vert to veker i Mwanza, og vi drølte tida i lag.

På KLM-flyet til Amsterdam fekk eg 3-4 timars søvn, så eg har klart å halda meg vaken.

Men det blei ei heimreise i lengste laget. Neste gong håpar eg på litt smidigare heimkomst!

Mykje foto- og film-materiale med heim

Det blei ganske mykje fotografering på desse 14 dagane i Tanzania.
Totalt fekk eg med meg 2200 bilete og 79 filmklypp.
Totalt 22,65 GB med bilete og 11,8 GB med filmopptak, altså 34,45 GB med opptak.

Pfjuh... :-)

fredag 10. juni 2011

Difor kom det ingen dør på plass i dag

Ein dør- og vindauge-fundi (som er swahili for "handyman") skulle montera metalldør og vindauge i dag, men det skjedde ikkje. Kvifor?

Fordi det var straumutkopling i heile området, heile dagen.
Ingen straum, ingen montering av dør og vindauge.

Så sånn er det...
Kanskje vi får ha straum i morgon, så kanskje då...

Elles fekk vi endeleg lov til å betala for breibandslinja, og eg trur eg fann ut av kvifor dei "trenerte" leveransen. Dei har ikkje modem, inne. Dei ville veldig at vi skulle kjøpa modem hos dei for 55 000 shilling, og det ville vi så klart. Men når dei ikkje har, så er det jo ikkje mykje vi kan gjør.

Sunniva fann eit ADSL-modem i hylla på kontoret og sendte det med mor til Trine som kjem på sundag. Så då er målet å få inn linja innan då. Vi fekk såfall betalt, ja.

Og så har damene  bestemt seg for veggfarge: Lyseblå!
Internettkaféen "frå Odda" skal bli lyseblå som kommunevåpenet vårt :-)

Tenk på det, folkens!

torsdag 9. juni 2011

Internettkaféen er langt frå ferdig


Det gjekk veldig fort med Internettkaféen i starten. No blei det lagt golv der, og då har det gått ganske lang tid utan at mykje har skjedd. Betongen må jo tørka :-)

Huset har fått innlagt straum og utvendig tak. Det skal også leggjast eit vannrett tak, men det kjem seinare.

Elles skal det monterast ståldører og vindauge (kanskje tom. med gitter).

Trine har levert frå seg teikningar over korleis ho ser for seg at stativa eller borda som datamaskinene skal stå i, skal sjå ut. Dei blir gjeve til ein snikkar som skal produsera for hand. Framfor dei bærbare maskinene kjem det glassplate, sånn at brukaren ikkje får ta på sjølve PCen.

Framfor glassplata kjem tastatur og mus med kabel (så dei ikkje kan fjernast).



Sjølv om Trine hadde tinga breibandslinja i god tid før eg kom, har det teke evigheiter å få linja levert. Dei har heile tida snakka om ein survey som skal skje i morgon, og så seier dei at "wee will call you".

Så høyrer vi ingenting og må masa på nytt og på nytt.

I går var Trine og eg innom kontoret nok ein gong. Den her gongen bestemte vi oss for å smila så mykje vi kunne. Kontorfyren som hjalp oss kunne ikkje løysa noko på dagen, men han blei langt meir positiv (pga. våre blide smil?) og han lova å få ein survey-mann ut "tomorrow".


Og sånn gjekk det.


Den gule TTCL-trucken kom køyrande, og han gjor ein kjapp survey på nokre få minutt. Vidare måtte han tilbake på kontoret å rekna på pris. Han lova at om vi betalte i morgon, så skulle han koma å trekka kablar, samt levera modem og få opp tilgangen til Internett same dag. Vi trygla og bad om å få betala i dag, men han nekta. Han måtte gjer utrekningane først!


Litt oppløftande, men likevel litt iriterande…

Her gjeld det å følga med....

...i neste episode ;-)

På den lokals marknaden


Milka tok med meg på den lokals marknaden. Ho fortel at ho par gå där kvar morgon og handla råvarer. Grønsaker, ris, bønner og linser. Dei sel det meste og det heile er ganske reint og ryddig. Eg har ingen problem med å eta maten frå den her marknaden.

Bak oss ropet selgarane at "om kvitingen skal ta bilete, så får han kjøpa noko". Kanskje dei ikkje seier det på nynorsk, men i følgje Milka, så er det visst dette dei seier om oss.

Dei trur jo at ein kvar kviting er så rik at ho/han har råd til å kjøpa alle varene på heile marknaden og blir vel hakket skuffa om vi ikkje treng nokon ting.

Eg helsa på andre selgarar (som kan engelsk) og fortel kvar eg kjem frå, kor lenge eg har vert der, at vi ikkje har marknadar som dette heime der eg kjem frå, og at det er veldig spennande for meg å få lov til å gå å sjå.



Til slutt seier eg at eg (som turist) likar meg veldig godt her og at eg så klart skal koma tilbake på ferie seinare også. Og då skal eg ta med fleir av venene mine!

Dette far dei lokale selgarane til å smila breitt :-D

Lønsj hos David


David er ein zoolog og forskar (var det så?) som studerer mygg og måten dei gjev smitte. Han forskar på boleriosesmitte, basert på at mesteparten av dei som blir smitta av flott faktisk blir feilbehandla for malaria.

Intressant og lærerrikt tema.

David inviterte Trine og meg på lønsj. Vi spaserte frå arbeidsplassen til Trine og kom inn i ein kjempefin frukthage der David leigde halvparten av eit digert hus. Møblane i huset hadde han fått ein lokal snikkar til å laga til seg, etter at han flytta inn. Maleriet på vegge hadde han fått ein lokal kunstnar til å mala. Ein dreven fyr full av pågangsmot, detta.


Vi prata om forskingsprosjektet hannas og vi prata om linux og programvare basert på open kjeldekode. Vi tok oss ein runde rundt i den digre hagen og såg på alle frukt-trea og såg på mens gartnaren planta eit nytt frukt-tre.


Så gjekk vi inn igjen og David spanderte frukt frå ei litt spesiell panna.


Han fortalte at panna var frå ein lokal plass, der dei laga den her type panner av skrap og gamle tønner.


Om vi ville bli med å sjå?


Klart vi ville! :-)

Panneproduksjon med handamakt


Etter ein god spasertur, kom vi til arbeidslaget som sat å hamra ut panner. Ein fyr som satt der å hamra spratt rett opp og insisterte på at eg måtte prøva. Klart eg ville :-)

Han gav meg eit lite tørkle som eg kunne bruka for å ikkje skjæra meg på den skarpe kanten, og så var det til å slå.

Det bråka noko inderleg, men det var kjempekjekt. Dei hamra tidvis i takt og det var som om ein måtte til å dansa. Alle smila og lo, og såg ut til å trivast godt med bøsøk frå tre kvitingar.

Nesten alle pannene var utan farge, og vi starta å leita etter nokon med mykje farge. Eg fann til slutt ei uferdig panna med fin blåfarge, og spurte om dei ikkje kunne laga den ferdig for meg. "Shure, shure!"

Ein fyr i fine klede satte i gang med å ferdigstilla panna mi, og eg spurte om eg kunne få lov til å fotografera. Det var greit, så då tok eg lika godt å filma det heila :-)


Trine ville også ha, og plukka ut tre ulike som ho ville ha ferdig. Dei satte i gang å jobba. Banka og styra og vaska og ordna. Det var kjempekjekt å oppleva, og vi sa at vi måtte koma tilbake med fleir folk ein annan gong.

David kjøpte også ei panna og vi betalte totalt 10 000 shilling for fem panner. Dyrt, hæ? Ja, altså… Det tilsvarar jo stross alt heile 35,- i norske pengar, altså sju kroner stykk ;-)


Snakk om…
Kanskje sånne her unike handlaga panner kunne blitt solgt for 300,- på ting-og-tang-butikkar heime.

Hmm…
Jo, kanskje det er tingen?
Starta import av handlaga resirkulerte produkt heima i norge. Det blir jo eksport for Tanzania, og inntekter i statskassa! He-hey.. skal sei idéane står i kø ;-)

tirsdag 7. juni 2011

Trine er sin eigen hushjelp (av og til)

Sjølv om huset har hushjelp, hender det at Trine briljerer med overskott til å vaska over golvet på rommet sitt. Det er litt sånn american style vaskeutstyr med bøtta (som gjerne går på hjul) og ein slags mopp som du vrir i ein sånn rund sak som utgjer ca. halve bøtta, du veit?

Litt vanleg såpa oppi vatnet og så er det til å dra moppen over dei blanke steinflisene.

Fiffent!

No skal det seiast at det hender at Trine ber meg, om å be hushjelpen, som heiter Milka, om å vaska rommet. Då får Milka nokon ekstra shilling. Ho er nemleg ikkje Trine sin hushjelp. Det er dei andre folka som bur i huse, dei frå Srilanka, som har hyra ho inn.

Trine sa tom. at ho får ein månadsløn på førti store lokale shillingar, som tilsvarar noko sånt som hondraåførti norske pengar (eg skriv sånn, så det ikkje skal vera så lett for dei det angår å forstå)

Då hjelper det med fem ekstra for ein liten golv-vask (godt under ein tjuing)

Kanskje eg skal betala Trine fem lokale tusingar for å dra over golvet på mitt rom? ;-)

mandag 6. juni 2011

Onsdag 1. juni 2011

Sov til kl. 10. Herlig!
Prøvde å sortera litt bagasje og ting på rommet og fann ein ... igjen i ein svart pose av sånn billig knitreplast, du veit. Det er ein form for pannekake, og vi hadde det som tilbehør til middagen i går. Suplerte med eit havrekjeks og så banka det på døra. Trine, som var på jobb, hadde fått beskjed om at bagasjen min var komt. Ho hadde sendt SMS til meg, men eg hadde ikkje rekt å sjå meldinga enno.
Ja, det var ein gut på døra mi, som gjerna ville hjelpa meg med å få tak i bagasjen. Han heiter Lameck, er 23 år og har ferie.

Trine har ringt han, i og med at eg ikkje svarer.. Eg ser to meldingar. Den eine er frå Trine, og den andre er frå DnB som vil informera om at det er kome inn NOK 5 000,- på kontoen. Pengane frå kommunen! Jippi!

Trine ringer, og fortel om kofferten og Lameck som gjerna vil hjelpa. Eg seier at han er her, og fortel om den andre gode meldinga! Når ting går rett veg, kjem auka pågangsmot!


Lameck tar meg med bort i streeten, for å finna ATM (minibank). Den er ute av drift, og Trine melder at det kanskje er ein fungerande bank i Barclay i sentrum. Lameck seier at han veit kor det er, men korleis skal vi komma oss dit uten peng? Tanzania er eit land der alt koster, og der kontanter er løysinga på det mesta.

Sangeewa er ein fyr frå Srilanka, som bur i samme hus som Trine. Han er utan arbeid, men kona har praksis ved det største sjukehuset i byen og han har kjøpt bil. Så om eg kunne fylla bensin på bilen hans, så kunne han kjøra oss. Lameck ringer og ordner. Sangeewa kjem å plukkar oss opp :-)

Lønsj med Lameck; vegetar-pitsa (!) og ananasjus.

Vi drar til byen, finn ein bank og eg tar ut maksgrensa, som er 400 000 TZS (eller THS, som lokalbefolkinga brukar). Det er NOK 1 400,- og ein diger bunke med 10 000 TZS-sedlar som eg gøymer raskt. Fira stykk går i framlomma, og resten går i baklomma med knapp.

På bensinstasjonen vil eg betala dei 40, men Sangeewa seier at 20 er nok :-) Bra! Ærlege folk, altså.

Alt ein saknar men kanskje ikkje treng likevel

Det er mykje ein saknar når ein er vekke frå dei vante og daglegdagse tinga. Men så går det to dagar og så finn eg ut at eg ikkje trengte det likevel. Ganske grei erfaring, i grunn.

Heime har vi kanskje lagt oss til ein vane der alle ting som kan kjøpast eller skaffast for å løysa eit problem, skal kjøpast. Så fort som råd. Og når det kjem til eit stykke, så trengte vi det nok ikkje så veldig, likevel.

Ein kan klara seg med så lite, og heller fokusera på dei tinga ein verkeleg treng.

Eg har til dømes med meg chilinøtter og Bixit-kjeks. Det løyser så absolutt mesteparten av behovet for maten og snacksen eg plar meska meg med når eg er heime.

Likevel kjem eg til å setja pris på Superchips med rømmedipp, når eg kjem heim!

Første gong eg kryssar ekvator

Eg har vert mykje ute å reist og har tom. besøk Borneo. Men så vidt eg veit, har eg aldri kryssa ekvator før no. Eg oppdaga det då eg såg dette bilete på skjermen framfor meg i settet.

Folk her seier f.eks. at det er første gong ein er sub-Sahara. Også dette stemmer for min del, men det er likevel litt større å ha kryssa sjølvaste ekvator.

Folka eg har blitt kjent med her i Tanzania syns ikkje noko særs om denne linja. For dei er den jo der heile tida og dei har gjerna aldri vert utforbi sin lokale by.

Uansett er det veldig fint å vera her. Kanskje vi burde tilbringa meir tid på stadar langt vekke. Berre hugsa på at vi må bruka minst lika mykje tid på å læra av andre, som vi brukar på å belæra andre.


Her kjem vi fykande og går inn for landing i Nairobi.
Etterpå skal eg propellfly bort til Mwanza, der (peiker ivrig!!)

Flyet frå Amsteram til Nairobi

Teksten blei skriven for ca. ei veke sidan.

Elles sit eg no i sete 31D i ein Boeing 777-200ER. Det gjekk faktisk ikkje å bytta seter, då eg sjekka inn på Flesland. Til heimturen skal eg sjekka inn på Internett, sånn at eg får sitja med eit vindauga.

Det er eit ganske stort fly med 3 x 3 seterekker. Eg sit ytterst til venstre i den midterste rekka. Ved sida av meg sit ein britisk PhD-student (heiter det så?), som også skal til Tanzania. Han har vert mange gongar i Afrika og skal besøka vener, samt skriva på ei oppgava (trur eg han sa). Eg fortalte sjølvsagt kvifor eg flyr til Nairobi.


Då sa han noko lurt:

 - Ikkje sei at du skal gjer frivillig arbeid i passkontrollen!

Frivillig arbeid blir nokon gongar tolka som arbeid, og eg har jo ingen arbeidsløyve, må veta! Då er det mykje ryddigare å berre sei at eg skal "visit a friend".

Smart!

Dette får du av Kenya Air:

  • Ei puta
  • Eit pledd, pakka i ein pose (kanskje pleddet er reint?)
  • Eit hodesett til bruk med skjermen


Kenya Air har også tryggleiksinstruks på teiknspråk:


Elles sit eg å tastar på iPaden min. Får god trening i å skriva raskt på skjermtastaturet, no. Sit jo bare her å ventar på maten likevel. Så om du ikkje gidd å lesa meir, så love eg å ikkje bli lei meg, altså!

Vi fekk eit varmt handkle med litt parfyme eller noko. Eg tørka no av meg i fjeset og så prøvde eg å vaska henda med _resten_. forfriskande!

På øyrene sit dei nye Beats Studio som er fantastisk behageleg. Den aktive støydempinga fjernar ikkje all flystøy, men når eg trykker inn knappen på sida, så høyrer eg at det er stor skilnad.

Det er ein sånn talk eller listen knapp, som dempar musikken og skrur av den aktive støydempinga. Praktisk når Cheruto kjem å spør kva eg vilmha å drikka. For ho heiter visst det, ho som serverer og steller for oss på venstra sida, litt midt i flyet.


Maten på fly
Frå Bergen til Amsterdam med KLM fekk vi brødmat med påleg, menutan smør. Greit nok. Eg bad om kaffi og appelsinjus som drikke til. Etterpå fekk vi kvar vår hollandske kjeks med karamell, og meir kaffi.


Frå Amsterdam til Nairobi med Kenya Airways er det meir stil på sakene. Vi får meny og kan velga mellom tre hovudrettar:

Chicken Brest accompanied by Tagine Saus, Sweet Potaos and Red Onions

tilapia Fillet served with Red Pepper Cream Sauce and Rice with Peas

Tomato and Spinach Risotte accompanied by Grilled Zucchini and Pepper

Ikkje verst. Sjølv om vegetar fristar, går eg for kyllingen. Eg gjør visst alltid det...
Kva er forresten sånn Tilapia?

Vidare står det i menyen at vi får Green Cabbage Curry Salad til forrett og White Coco Mango Blondie til dessert.

Nais!


..ja! Og så skal vi få frukost:
Assorted Fruit Yoghurt
White Roll
Freshly baked Croisant
Butter and Preserve

Så då lurer eg på om noon veit kva dei meiner me Preserve og White Roll...




PS! Både middagen og frukosten var tilnerma uspiseleg. Den vetle mannen du ser i bakgrunnen der, er ein foredragshaldar. Eg ser eit TED.com-foredrag på iPaden min, mens eg et middag :-)



Soloppgång over Nairobi.

Tips
Passet ditt er billetten din (om du vil). Innsjekking skjer på Internett eller på ein trykkfølsom skjerm på flyplassen. Mister du boardinpasset, kan du skriva ut nytt når du er i transit (mellomlanding).

Du treng ofte meir tid enn du trur! Sjekk inn tidleg.

Kontroller avgangen på skjermane som står rundt om på flyplassen med ein gong du mellomlandar på ein transit-flyplass!
Avgangar kan bli endra og flytta. Det er ditt ansvar å skaffa deg informasjon! Det som står på boardingpasset kan veldig gjerna vera utdatert.

Passkontrollkøar med mest vestlege går typisk dobbelt så fort som ein kø med mange ikkje-vestlege reisande.

Det hastar ikkje med å komma seg inn i flyet først. Ventetida før avgang blir uansett for lang. Men kjem du sist, får du kanskje ikkje plass til bagasjen i hattehylla.

Du blir tørst på lange flyreiser! Takk ja til så mykje vatn og jus du klarer, og spør om å få meir.