Få tak i dei beste lærlingane og læreplassane

Opplæringskontoret for Indre Hordaland er eit fleirfagleg opplæringskontor med 57 medlembsbedrifter innan offentleg og privat sektor på Voss, i Ulvik, Aurland, Vaksdal og Modalen.

Me hjelper deg

Opplæringskontoret for Indre Hordaland er eit serviceorgan for våre 57 medlemsbedrifter på Voss, i Ulvik, Aurland, Vaksdal og Modalen. Vi jobbar hovudsakleg med administrasjon og oppfølging av lærlingar og medlemsbedrifter. Målet vårt er å auka kompetansen i lærebedriftene, slik at fleire kan ta fagutdanning og få fagbrev.

Ved at våre medlemsbedrifter satsar på å gje ungdom fagopplæring og mogelegheit for utdanning lokalt, sikrar dei samstundes framtidig rekruttering av dyktige fagarbeidarar.