For eitt år sidan byrja florøguten Odin André Frøyen Jensen (10) å spele xylofon. I førre veke tok tiåringen tredjeplass i solistkonkurransen under Hordablæsten i Grieghallen, i sterk konkurranse med 36 andre solistar.

  • Sjå video nederst i saka!

Dommarane var begeistra. Brukte ord som «imponerande teknikk», «trygt og stabilt» og «imponerande korleis han klarer å musisere og jobbe med teknikk samstundes som han held oppe tempoet».

– Eg hadde berre ein månad å øve på. Så eg øva som ein gal gut – tidleg om morgonen og seint om kvelden, smiler tiåringen.

Ikkje nok med det. Fram til for eit år sidan var det trommer han spelte. Men så ville den same trommelæraren at han skulle prøve xylofon i staden.

Odin er fødd og oppvaksen i Florø, men dei siste tre åra har han budd i Bergen saman med mamma Marie Jensen og pappa Thomas Frøyen. Begge lidenskapelege musikarar frå korps og band.

Les meir om Odin i laurdagsutgåva av Firdaposten