Friberg Kino Logo

Bli med i Kinoklubb Norge
Syn fram medlemskoden ved billettkjøp og få 50%
rabatt på utvalde filmar!

 

Ibelin

fredag 29. mars kl 18.00

 

premiere 8/3

 

"Ibelin” is powerful cinema - a moving masterwork (Variety).


Geimaren Mats Steen døydde av ein muskelsjukdom berre 25 år gammel. Foreldra hans sørga over det dei trudde hadde vore eit ensamt og isolert liv, då dei plutseleg byrja å få meldingar frå online-vener av Mats over hele verden.

 

Filmen gjenskapar det rike livet til Mats sin avatar «Ibelin» i spelverda. Alt er basert på verkelege hendingar og dialogar, henta frå rollespel i World of Warcraft. I tillegg får vi sjå arkivopptak og intervju med venene Mats fikk gjennom spelinga.
"Ibelin" fekk sin verdspremiere åpningsdagen i Sundance, der filmen vann både pris for beste regi og publikumsprisen! Filmen blei samtidig vist på Tromsø internasjonale filmfestival, der han også vann publikumsprisen!

 

Norsk dokumentar

 

Speletid: 1t 44 min

Aldersgrense: Tillatt for alle

Tilrådd ungdom og vaksne

kr 100

Omtale: Filmweb

Bli med i Kinoklubb Norge, og få 50% rabatt på IBELIN og andre utvalde filmar!

 

 

 

Knox Goes Away

fredag 29. mars kl 20.00

søndag 7. april kl 20.00

 

premiere 27/3

 

Michael Keaton har regissert seg sjølv og Al Pacino i ein intens leigemordarthriller. Keaton sjølv spelar hovudrolla som ein leigemordar diagnostisert med ein form for ekstremt aggressiv demens. Samtidig blir han tilbudt ein siste moglegheit til å gjere rett ved å redde livet til den voksne sonen (James Marsden).

 

Amerikansk thriller / action

 

Speletid: 1t 54 min

Aldersgrense: 15 år

kr 100

Omtale: Filmweb

 

Pot-au-feu - Veien til hjertet

søndag 31. mars kl 17.00

 

premiere 22/3

 

orig.tittel: The Pot au feu

 

Frankrike i 1885. Eugénie jobba som kokk for den berømte restauranteieren Dodin i 20 år. Ho vert sett på som framifrå på sitt felt. I løpet av åra, fordi Eugénie og Dodin tilbrakte mykje tid på kjøkenet saman, oppsto det kjensler mellom dei. Deira felles kjærleik til mat har skapt unike, deilige og utsøkte rettar som er utan sidestykke og tiltrekker seg mange gjester frå heile verda. Fridomelskande Eugénie ønska imidlertid aldri å gifte seg med Dodin. Då bestemte Dodin seg for å lage mat til sin kjære for første gong.

 

Fransk drama

 

Speletid: 2t 14 min

Aldersgrense: 6 år

Tilrådd ungdom og vaksne

kr 100

 

Omtale: Filmweb

 

Hammarskjöld

søndag 31. mars kl 19.30

 

premiere 15/3

 

I 1961 har Dag Hammarskjöld eitt år igjen i stillinga som FNs generalsekretær, ein posisjon han overtok etter norske Trygve Lie. Deretter skal han flytte heim til Österlen og endeleg legge storpolitikken bak seg. Men samtidig herjar den kalde krigen for fullt, og i Afrika ligg brennpunktet i Kongo.

 

Dag Hammarskjöld tek på seg det kompliserte oppdraget å mekle fred og einigheit i den betente konflikten i det splitta landet. Ei umogleg oppgåve ifølge mange. Eit sjølvmordsoppdrag ifølge andre.

 

Svensk drama / thriller / biografi

 

Speletid: 1t 58 min

Aldersgrense: 15 år

kr 100

 

Omtale: Filmweb

Bli med i Kinoklubb Norge, og få 50% rabatt på HAMMASKJÖLD og andre utvalde filmar!

 

 

 

De Raske & De Rå

onsdag 3. april kl 18.00

 

premiere 22/3

 

orig.tittel: Rally Road Racers

 

DE RASKE & DE RÅ er ein fartsfylt og heilsprø animasjonsfilm for heile familien, som tek deg med på ein spinnvill tur. Klare for action? Spenn deg fast!

Ein ung og lovande racerbilsjåfør får plutseleg sjansen til å konkurrere mot den regjerande mestaren. Med rettleiing frå ein tidlegare stjerne i racer-verdenen må han takle farlege terreng, utfordrande rivaler og uventa hindringar for å vise at han har det som skal til!

 

Amerikansk / britisk barnefilm / animasjon

 

Speletid: 1t 35 min

Aldersgrense: 6 år

kr 85

Omtale: Filmweb

 

Ghostbusters: Frozen Empire

onsdag 3. april kl 20.00

 

premiere 22/3

 

I "Ghostbusters: Frozen Empire" vender Spengler-familien tilbake til staden der alt starta: den ikoniske brannstasjonen i New York City. Her slår dei seg saman med dei opprinnelege Ghostbusters, som har utvikla eit topphemmeleg forskingslaboratorium for å ta utrydding av spøkjelser til neste nivå. Men når oppdaginga av ein gamal gjenstand slepp laus ei ond kraft, må gamle og nye Ghostbusters slå seg saman for å beskytte heimen sin og redde verda frå ei ny istid.

 

Amerikansk eventyr / komedie

 

Speletid: 1t 54 min

Aldersgrense: 12 år

kr 100

Omtale: Filmweb

 

Knox Goes Away

søndag 7. april kl 20.00

 

premiere 27/3

 

Michael Keaton har regissert seg sjølv og Al Pacino i ein intens leigemordarthriller. Keaton sjølv spelar hovudrolla som ein leigemordar diagnostisert med ein form for ekstremt aggressiv demens. Samtidig blir han tilbudt ein siste moglegheit til å gjere rett ved å redde livet til den voksne sonen (James Marsden).

 

Amerikansk thriller / action

 

Speletid: 1t 54 min

Aldersgrense: 15 år

kr 100

Omtale: Filmweb

 
Fleire filmar vert snart lagt til! 
Det kan bli endringar! 
Så følg med her på heimesida, på Facebook og oppslag i Holmen!
 

 

Friberg Kino • Lærargata 15 • 6899 Balestrand • tlf. 900 21183
Design: kbakken