Påska 2024

paske

Kaféen er open med forenkla meny og påskeeggjakt, desse dagane/tidene i påska: 

Skjærtorsdag 28. mars 13-16.
Langfredag 29. mars 13-17
Påskeaften 30. mars 13-17
1. Påskedag 31. mars 13-17.

Ring oss på +47 57 85 17 77 eller send en mail til info@ulvesundfyr.no om du har spørsmål.

paske2

Kom til Ulvesund fyr!

Ein sommarkafé med heimebakst og sjarme. Ein overnattingsstad med historie og varme.

Kaféen er open kvar dag kl. 13.00-18.00 i sommarsesongen.

B&B

         Sommarsesong: 25. juni – 11. august               

Om sommaren kan du også booke deg inn på fiskesuppe kl. 19 eller frukost kl. 09.
Kvar torsdag kl 19.30 er det Torsdagsjam i naustet. Alle er velkomne!

Utanom sommarsesong og påske er det stengt for booking. Unntak blir gjort for grupper, etter avtale pr. email, og om vi annonserer at vi har ope.

Velkomen til å sende forespørsel til info@ulvesundfyr.no eller ringe fyrkjøkkenet på +47 57 85 17 77 (når vi har open kafé).

Vi håpar du vil besøke oss!

Det nye livet til Ulvesund fyr byrja i 2003, då dei gamle bygningane vart opna for publikum, som kreativ fyrkafé med mulighet for overnatting. Ulvesund fyr har vore eit lyspunkt i all slags vér sidan 1870, i storm og stille. Frå 1985 var her ingen fyrvaktar meir, då fyret vart avbemanna og automatisert, og den nye lykta i fjøra vart bygd. 

Ulvesund fyr elskar å ha glade gjester i alle aldrar, og har den visjonen å bringe lys i kvardagen, både til dei som besøker oss, og til lokalsamfunnet. Vi har ekstra hjerte for barn og ungdom, og ønsker å inspirere til gode samtaler, aktivitet, kreativitet og livsglede. Historien til fyret inspirerer til enkelhet og hjertevarme, og gjestene seier det er heimekoseleg og kjekt her.

 

Følg oss også på facebook og instagram.

DSC 5021